Hopp til innhold

Går han i krigen for ny liberalar?

USAs president Barack Obama skal utnemne sin andre høgsterettsdommar. Spørsmålet er om han går for nok ein liberalar, eller om han plukkar ein som også Republikanarane lett kan godta.

Barack Obama, John Paul Stevens og Anthony Kennedy

President Barakc Obama i samtale med høgsterettsdommarane John Paul Stevens (i midten), som no vil tre tilbake, og Anthony Stevens, som ofte havnar på vippen mellom dei konservative og liberale.

Foto: Steve Petteway / AP

For snart to veker sidan varsla ein av dei ni dommerane i amerikansk høgsterett, 90 år gamle John Paul Stevens, at han ønskjer å gå av.

Dermed er det duka for Obamas andre utnemning av ein høgsterettsdommar i løpet av det året han har vore som president.

USA i krise

Dommarane i Høgsterett, som sit så lenge dei sjølv ønskjer, har ei svært viktig rolle i utforminga av amerikansk politikk.

Opp gjennom historia har den ideologiske samansetjinga av domstolen vore avgjerande i spørsmål som sjølvbestemt abort, raseskille, retten til å bere våpen og krigen mot terror,

Dommaren som no skal erstattast er den 90 år gamle John Paul Stevens, som blei utnemnd av republikanaren Gerald Ford i 1975.

John Paul Stevens

John Paul Stevens fekk ei viktig oppgåve frå president Ford.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

- Utnemninga av ein høgsterettsdommar, er ein av dei viktigaste avgjerdene ein president må ta.

- Synet som rår i høgsterett, er svært viktig for samfunnet vårt, og for liva til vanlege amerikanarar i tiår framover, sa Ford ved utemninga.

- Den tilliten som høgsterett har, er summen av ansvaret som kviler på kvar og ein av dei ni dommarane.

- Høgsterett set standarden for rettsstaten, truverdet til rettssystemet og utøvinga av regjeringsmakt, sa Ford.

Ford framheva Stevens syn på liberale og grunnlovsfesta verdiar.

Utnemninga kom ikkje lenge etter Watergate-skandalen og avgangen til president Richard Nixon, og det var viktig å finne nokon som kunne sikre tilliten til det amerikanske styringssystemet.

- Da president Ford skulle fylle den ledige plassen i høgsterett medan USA var i ferd med å kome seg av sjokket etter Watergate, ønskte han ein dommar som var briljant, ikkje ideologisk, men pragmatisk og dedikert til rettferd, integritet og respekt for lova, sa noverande president Barack Obama om John Paul Stevens, da ønsket hans om avgang blei kjent.

Stevens viste seg å bli ein klar liberal stemme i dommarpanelet gjennom 30 år, og er den siste dommaren som vart utnemnd før 1980.

Pappa Bush bomma

I dag ligg retten noko til høgre, med fire klart konservative: John Roberts (leiar), Antonin Scalia, Clarence Thomas og Samuel Alito, ein moderat konservativ: Anthony Kennedy og fire liberale: John Paul Stevens, Ruth Bader Ginsburg, Stephen Breyer og Sonia Sotomayor.

Dei som sit igjen, er alle utnemde av enten Ronald Reagan (2), George H.W. Bush (1) eller Bill Clinton (2).

Dommerne i USAs høyesterett

Desse utgjer Høgsterett: Første rad f.v.: Anthony M. Kennedy, John Paul Stevens, John G. Roberts (leder), Antonin Scalia og Clarence Thomas. Andre rekke f.v.: Samuel Alito jr., Ruth Bader Ginsburg, Stephen Breyer, og Sonia Sotomayor.

Foto: MARK WILSON / AFP

Med utskiftinga av Stevens vil Obama ikkje kunne endre det ideologiske tyngdepunktet. Eit tyngdepunkt som blei konservativt da den siste presidenten, George W. Bush, noko overraskande fekk utnemne to dommarar i sin andre presidentperiode.

Dei viste seg å bli blant dei mest konservative på lang tid.

Men ikkje alle presidentar har vore like heldige med utnemningane sine. Ein av dei var George Bush senior.

Da han gjorde Davis Souter til høgsterettsdommar i 1990, lovprisa han Souter si evne til å tenkje prinsipielt, i tråd med dei som forfatta den amerikanske grunnlova. Det konservative grunnsynet er at dommarane, også i Høgsterett, berre skal tolke lova, og ikkje forme henne.

Så viste det seg at Souter tok ei anna og meir liberal retning og overraska med ikkje å stemme konservativt i fleire av dei store stridsspørsmåla.

David Souter ga seg i byrjinga av Obama sin presidentperiode, og med det demokratiske superfleirtalet i Senatet med 60 senatorar, gjekk innsettinga av arvtakaren, Sonia Sotomayor, den første høgsterettsdommaren med latinsk bakgrunn, problemfritt.

Blir kamp?

Men sidan den gongen har Demokratane mista superfleirtalet, noko som gjer at Republikanarane kan hale ut ei avgjerd.

Samtidig er det viktig for Obama å få på plass ein ny dommar før valet til Kongressen i november. Årsaka er at det er venta at Demokratane vil miste enda meir terreng fordi Obama tvang gjennom helsereforma.

Spørsmålet er om Obama vil gå for ein liberal dommar som det kan ta lang tid å få godkjent, eller om han vil gå for ei meir moderat løysing.

I går søkte Obama råd hos Republikanarane og Demokratane i Senatet.

Obama har gjort det klart at han vil finne ein som står opp mot maktinteresser og vil sikre at vanlege menneske blir høyrde.

- Ein av dei viktigaste oppgåvene til høgsterett er å stå opp mot den makta som både regjeringa og andre maktorgan representerer når det trengs, meiner presidenten.

Det er venta at Obama vil koke ned lista til eit namn alt i byrjinga av mai.

Møte om amerikansk høyesterett

Møte mellom Det kvite hus og Senatet om utnemninga av ny dommar. F.v. Jeff Sessions (R) og Patrick Leahy (D) frå justiskomiteen, president Barack Obama, visepresident Joe Biden, Senats-leiar Harry Reid (D) og minoritetsleiar Mitch McConnell (R).

Foto: JASON REED / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt