– Me ventar at dei neste møta kjem til å føre til konkrete tiltak for ei meir forsonande løysing, som skal gjenopprette internasjonal tiltru til at Iran sitt atomprogram berre er til fredelege formål, sa EU sin utanriksminister Catherine Ashton, melder AFP.
– Difor kjem me til å møtast igjen snart, den 23. mai i Bagdad, sa ho.
- LES OGSÅ:
Ashton er saman med representantar for USA, Russland, Kina, Storbritannia og Tyskland, den såkalla 5+1-gruppa, i Istanbul der dei laurdag og søndag skal diskutere Iran sitt omstridde atomprogram med iranske utsendingar.
Møta er dei første i sitt slag etter at forhandlingane blei brotne for 15 månader sidan.
- LES OGSÅ: