Hopp til innhold

Iran fornærma av vesten før atommøte startar

I helga møtast Vesten og Iran til eit etterlengta møte om Iran sitt atomprogram. Men allereie før møtet startar er håpet om eit fruktbart samarbeid begynt å svinne.

Turkey Iran Nuclear

Det var ingenting å seie på stemninga då den tyrkiske utanriksministeren (t.v.) og ein iransk offisiell møttest tidlegare i dag. Like roseraudt blir det truleg ikkje når møtet startar.

Foto: Burhan Ozbilici / Ap

USA, Russland, Kina, Storbritannia, Frankrike og Tyskland er no samla i Istanbul for å ha samtalar med Iran om det omstridde atomprogrammet til landet.

Men det er tydeleg at det er mykje spenningar i lufta som gjer rasjonelle samtalar vanskelege.

Ifølgje kveldar frå Teheran sin delegasjon har kommentarar frå vestlege land i forkant av møtet ført til at dei levnar lite håp for eit fruktbart møte.

– Så langt har den iranske delegasjonen blitt skuffa og frustrerte av utsegn i media frå vestlege politikarar, seier den anonyme kjelda til nyheitsbyrået AFP.

Utanriksministrane frå dei vestlege landa sa torsdag at Iran måtte starte ein «konstruktiv og seriøs dialog», og at dei tidlegare gang på gang har nekta å følgje forpliktingar.

USA sin utanriksminister Hillary Clinton har også kome med skarpe utsegn mot Iran, då ho sa at Istanbul-samtalane var ein sjanse for Iran om å kome med truverdig tilsvar til bekymringane i det vestlege samfunnet.

Det er uvisst kva slags krav dei vestlege landa vil kome med i Istanbul. Men amerikansk media har rapportert at landa vil krevje at Iran skal stoppe heile atomprogrammet og sende uraniumet dei har opprika til utlandet.

Dei vestlege landa er bekymra for at Iran vil bruke Istanbul-møtet til å ta opp politiske spørsmål som ikkje har noko relevans for atomprogrammet, noko dei gjorde under Istanbul-møtet i januar i fjor.

– Dersom Iran møter opp med den same haldninga som under «Istanbul 1», vil me ikkje kome særleg langt, seier ei kjelde frå dei vestlege landa.

SISTE NYTT

Siste nytt