Hopp til innhold

Historisk gjennombrot i energiforsking

Forskarar i USA har nådd eit gjennombrot for fusjonskraft. For første gong har dei laga ein reaksjon som genererer meir energi enn det som blir brukt, seier energiminister i landet.

Forskere ved Lawrence Livermore National labratory i USA skal ha eksperimentert med fusjonsenergi.

FUSJONSENERGI: Forskarar ved Lawrence Livermore Laboratory i USA har eksperimentert med fusjonsenergi.

Foto: Damien Jemison / AP

Resultatet av eksperimentet kan vera eit stort steg mot rein energi, som kan gjera oss mindre avhengige av fossilt brensel, skriv CNN.

– Dersom dette blir bekrefta, så vil vi vera vitne til ein historisk augneblink, seier Dr. Arthur Turrell til Financial Times.

Og tysdag ettermiddag, norsk tid, vart det bekrefta:

– Dette er ein stor dag. Dette er fyrste gongen noko slikt har skjedd i eit laboratorium. Dette er ein BFD, sa energiminister i USA, Jennifer M. Granholm, under dagens pressekonferanse.

FILE PHOTO: Granholm speaks at a press briefing at the White House in Washington

Energiminister Jennifer M. Granholm.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Også olje- og energiminister Terje Aasland er begeistra.

– Eg er alltid glad for utviklinga av teknologi som kan vere med på å løyse verdas energiproblem – særleg utsleppsfrie løysingar, skriv Aasland i ein e-post til NRK.

– Det er for tidleg å seie noko konkret om kva denne teknologien kan bety for vår eiga del. Samstundes er dette spanande, og me gratulerer forskarane i USA med gjennombrotet.

Ein kort forklarar

  • 192 laserar varmar opp eit brensel til meir enn 3 millioner grader
  • Brenselet var like stort som eit peparkorn og bestod av to typar hydrogen
  • På eit milliondel sekund pumpa forskarane inn energi tilsvarande 1 pund TNT i brenselet
  • I fusjonsreaksjonen som vart varma opp, kom energi tilsvarande 1,5 pund ut

– Historisk

Lawrence Livermore National Laboratory har for første gong har lukkast med å produsera eit overskot av såkalla fusjonsenergi. Det skriv dei også sjølv i ei pressemelding.

– Forskarar har arbeidt med dette i meir enn 60 år. Dette er noko av det mest imponerande me har sett innan all forsking i nyare tid. Dette er historisk, uttala energiministeren under pressekonferansen.

Technicians use a service system lift at Lawrence Livermore National Laboratory. Bildet viser to forskere, begge kledd i hvite heldekkende dresser, ta en liten heis opp i et stort, rundt rom, som er inni en større, rundt kule. Kula og rommet er blått, og på veggene henger det som ser ut som speil, men som jeg tror er lasere.

To teknikarar inspiserer innsida av maskina kor fusjonen tok plass.

Foto: Lawrence Livermore National Labo / Reuters

Ved hjelp av ei maskin, som inkluderer ein av verdas største laserar, har dei klart å få ut meir energi enn det ein har putta inn.

Fusjonsenergien er «grøn». Den dannar ikkje farleg radioaktivt avfall, og slepp ikkje ut CO₂.

Fusjonsenergi byggjer på dei same prosessane som vi finn i sola og andre stjerner i universet. Det har professor Odd Erik Garcia, leiar for DYNAMO-senteret ved UiT, Noregs arktiske universitet, tidlegare forklart til NRK.

Odd Erik Garcia

Odd Erik Garcia ved UiT.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Det er naturens eiga energikjelde og grunnlaget for alt liv på jorda. Det vil vera den ultimate energikjelde, om vi får det til å funka.

Har vore usikker på om det var mogleg

Ole Reistad, fysikar og avdelingsleiar ved IFE (Institutt for energiteknikk), seier også til NRK at dette er historisk.

– No kan dei som forskar på dette byrja prosessen med å optimalisera prosessen. Tidlegare har ein vore usikker på om noko som dette i det heile var mogleg å gjennomføra reint praktisk, seier Reistad.

– Dette kan vere ein «gamechanger».

Les også Her kan løsningen på klimavennlig energi ligge. Men regjeringen vil ikke snakke om det

Innsiden av en fusjonsreaktor

Forskarar ved Lawrence Livermore National Laboratory (LLNL) i California har no fått dette til å fungera, kan energiminister Granholm bekrefta.

– Det er sånn som dette det ser ut når USA tek leiinga. Og me har ikkje tenkt å stoppe her. Dette er eit stort steg på vegen mot eit samfunn med «rein» energi, uttalte Granholm tidlegare tysdag.

Samstundes minner Reistad om at dette eigentleg ikkje har så mykje å seie for meg og deg. I alle fall ikkje alt no.

– Men dei som er unge i dag, dei kan nok rekkje å sjå at dette arbeidet ber frukter.

FILE PHOTO: Target Area operators inspect NIF at Lawrence Livermore National Laboratory

To operatørar inspiserer maskina på Lawrence Livermore National Laboratory.

Foto: Lawrence Livermore National Labo / Reuters

Ikkje det same som atomkraftverk

Fusjonsenergi er ei form for atomenergi, men det er ikkje den same energien som dei produserer på dei eksisterande atomkraftverka.

Den type atomenergi heiter fisjonsenergi. Den går ut på å spalta ut atomkjernar, som uran. Under denne prosessen blir det altså danna radioaktivt avfall.

Fusjonsenergi baserer seg på at ein smeltar saman lettare partiklar, såkalla hydrogenisotopar. Denne prosessen skapar helium, eit ufarleg stoff. Råstoffa ein brukar til fusjonsenergi, finn ein rikeleg og overalt i naturen, fortalde Odd Erik Garcia.

SISTE NYTT

Siste nytt