– Eg kjenner lette for ein tredje periode med Lov og rettferd ville bli ei katastrofe. Det var ein stor lette at den demokratiske koalisjonen vil ha fleirtalet, fortel Marcin til NRK.
Han og kameraten Piotr veivar med EU-flagget og det polske utanfor valvaken til Donald Tusk og Borgarplattformen.
– Dette er stort for polen for borgarane og våre barn og det er ein stor dag, fortel Piotr til NRK.
Det braut ut spontan jubel i Warszawas gater da valdagsmeldinga kom klokka 21.
Lov og rettvisepartiet (PiS) blei størst, men ved hjelp av støttepartier kan Donald Tusk og Borgarplattformen danne ei fleirtalsregjering.
Så held resultatet seg vil dette bli slutten på 8 år med den omstridde politikken til PiS.
– Først blei vi kvitt kommunistane, no håpte eg vi skulle bli kvitt autokratane, og vi gjorde det! Fortel ein jublande Marcin.
Utanfor valvaken hadde også reporterar frå kringkastinga TV Polen møtt opp, men få ville snakke med dei. Fleire politikarar fortel til NRK dei synest TV Polen for det meste har vore eit propagandaverktøy for regjeringspartiet i valkampen.
Donald Tusk feirar
– Eg er den lykkelegaste mannen i verda. Demokratiet har vunne, Polen har vunne, sa Tusk etter meldinga kom.
Viss valdagsmålinga stemmer, ligg Tusks blokk Borgarplattformen an til 31,6 prosent av stemmene og 163 sete i nasjonalforsamlinga.
Samtidig får støttepartiet Lewica 30 mandat og koalisjonen «Den tredje vegen» 55 mandat.
Tilsaman blir dette 248 mandater som er meir enn halvparten av representantane i nasjonalforsamlinga. Totalt er det 460 representantar i nasjonalforsamlinga.
Regjeringspartiet PiS får 36,8 prosent av stemmene og 200 plassar, og deira allierte, ytre-høgrepartiet «Forbundet for fridom og sjølvstende», tolv mandat. Det er betydeleg mindre enn det dei hadde håpa på.
Leiaren for PiS, Jaroslaw Kaczynski, erkjenner at resultatet på nesten 37 prosent gjer PiS til landets største parti, men at det kanskje ikkje er nok til å sikra regjeringsmakta.
– Me må venta og sjå kva som blir utfallet, sa Kaczynski. Det offisielle resultatet kjem tysdag.
Rekordoppmøte
Det blir meldt om lange køar ved stemmelokala i Polen i dag. Dei to blokkene har arbeidd hardt for å mobilisere heimesitjarane, og det ser ut til å ha lukkast.
72,9 % valdeltaking er ny rekord i Polen eit land som tradisjonelt har slite med å lokke folket til valurnene.
Dei aller fleste gjorde borgarplikta i Warszawa og fleire stadar gjekk dei tom for stemmesetlar fordi det kom så mange utanfrå for å stemme.
Vegval for Polen
Det var eit djupt splitta land som i dag gjekk til val og mykje står på spel.
Jaroslaw Kaczynski, leiar for regjeringspartiet Lov og rettvise (PiS), gjekk til val med løfter om å ta Polen i ytterlegare i konservativ, katolsk og sentralisert retning. 74-åringen er i dag landets visestatsminister.
Motstandarar skuldar ham for å ha leia Polen i autoritær retning og å distansere seg frå dei liberale demokratiske verdiane til EU.
PiS har også ei restriktiv haldning til homofili og har i praksis gjort abort ulovleg i landet.
PiS har fått kritikk under valkampen for å bruke kringkastinga TV Polen til å sanke stemmer. Drivstoffprisane har også blitt senka dei siste tre vekene.
Kan bli krevjande å reversere 8 år med konservativ politikk
Det som blir kalla den «demokratiske opposisjonen» med Donald Tusk i spissen, har lova å bringe Polen tilbake i EUs gode selskap.
Tusk har mellom anna lova å gjere store endringar i TV Polen og andre statlege bedrifter.
Men PiS har framleis presidenten og han kan stikke kjeppar i hjula for ei ny regjering. Tusk manglar truleg nok stemmer i nasjonalforsamlinga til å kunne overstyre vetoretten til presidenten. Til det må han ha 2/3 fleirtal og det vil han truleg ikkje få sjølv om han har nok mandat til å danne ei fleirtalsregjering.