Hopp til innhold

Uventa og yrande liv rundt stillehavsøy – 70 år etter atomtest

Livet i havet har vist seg å vere påfallande motstandsdyktig, trass i at Bikiniatollen blei etterlaten som ei øydemark etter prøvesprengingane på 40- og 50-talet.

Bikiniatollen

Alle innbyggarane på øyene i Bikiniatollen måtte flytte før USA starta prøvesprenging av atombomber her.

Foto: Ron Van Oers / Unesco

– At det er liv her, og at det kjempar seg tilbake etter det mest valdelege vi nokon gong har gjort mot det, er ganske håpefullt, seier Steve Palumbi, professor i marinvitskap ved Stanford til The Guardian.

Livet i Bikiniatollen – ei lita gruppe koralløyer som høyrer til Marshalløyene i Stillehavet – blomstrar igjen, 70 år etter at USA prøvesprengde 23 atom- og hydrogenbomber her.

Fiskestimane har fått vere i fred

Ei av bombene var 1100 gonger større enn bomba dei brukte mot Hiroshima i 2. verdskrig. Dei 167 innbyggarane blei i forkant av prøvesprengingane tvangsflytta frå det som blei erklært ein kjernefysisk avfallsplass.

Travel Trip Marshall Islands Diving

Korallrev er overraskande motstandsdyktige, ifølge forskargruppa frå Stanford som forskar på korleis dei reagerer på stråling. Her frå Majuro, ein av dei 29 atollane som saman med fem øyer utgjer Marshalløyene.

Foto: Rob Griffith / Ap

Stanford-professoren er med i ei gruppe forskarar som har studert korleis korallrev og krabbar reagerer på stråling, og dei innleiiande funna viser at dei er påfallande motstandsdyktige.

Ein del av korallrevet viser teikn på å ha vekse tilbake allereie 10 år etter den siste bomba blei sprengd.

– Lagunen er full av fiskestimar som strøymer rundt den levande korallen. På ein merkeleg måte er dei beskytta av denne staden si historie, fiskepopulasjonane er betre enn andre stader fordi dei har fått vere i fred, seier Palumbi.

Noko liknande har ein observert i områda rundt Tsjernobyl.

Likevel er det andre trugslar mot korallreva og livet i havet; blant anna forsøpling, overfiske og stigande havtemperaturar som følge av global oppvarming.

Uleveleg for menneske

Dei store mengdene fisk i området stammar nok ikkje frå fisken som var her då det blei treft av atombombene, ifølge forskaren, som understrekar at den kjernefysiske påverknaden sjølvsagt har konsekvensar:

– Dette er det mest øydeleggande vi noko gong har gjort med havet, å sleppe 23 atombomber på det. Likevel kjempar livet her seg tilbake, seier Palumbi.

NUCLEAR-MARSHALLISLANDS/COURT

Eit bilete frå USAs marine viser Baker, den andre av to atombomber som blei prøvesprengt i juli 1946.

Foto: HANDOUT / Reuters

Og trass i at dyrelivet er i ferd med å kome til hektene att er området framleis uleveleg for menneske.

Sjølv om innbyggarane på Bikiniatollen kom seg unna skulle strålinga forfølge dei. I 60-åra fekk fleire av dei kreft, og mange har enda i rettslege tvistar med USA om økonomisk kompensasjon, skriv Timothy J. Jørgensen, frå Georgetown University i nettavisa The Conversation.

Marshalløyene er eit av 122 land som var med på FN-vedtaket om å forby bruken av atomvåpen 7. juli.

SISTE NYTT

Siste nytt