Hopp til innhold

Fryktar dårleg tryggleik rundt privat omteljing i Arizona

Det amerikanske justisdepartementet er uroa over tryggleiken etter at eit privat firma no tel opp stemmer på ny i Arizona.

Opptelling av valgstemmer i Maricopa i Phoenix i Arizona. Stemmer avgitt ved valget i november i Arizonas største fylke Maricopa, undersøkes i en privat omtelling. Justisdepartementet er bekymret for sikkerheten rundt opptellingen.

Stemmer frå valet i november i Arizonas største fylke Maricopa, blir no undersøkte i ei privat omteljing som starta 23. april.

Foto: Rob Schumacher / AP / NTB

Avgjerda om å la eit privat firma gjere ei ny oppteljing av 2,1 millionar stemmer i fylket Maricopa kan vere i strid med føderal lov.

Lova seier at stemmene skal sikrast i 22 månader, men no har fleire uttrykt frykt for dårleg tryggleik rundt oppteljinga i den republikansk-kontrollerte delstaten som Joe Biden vann.

Uroa kjem fram i eit brev som justisdepartementet har sendt Karen Fann, som er president i Arizonas senat.

Tar direkte kontakt med veljarar

I tillegg seier statssekretær Pamela Karlan i brevet at planane til firmaet om å ta direkte kontakt med veljarar når det er tvil om ei stemme, kan innebere ulovleg press på veljarane.

Karlan seier at tidlegare erfaring viser at slikt press oftast rammar minoritetar, og kan skremme veljarar frå å avleggje stemme ved seinare val.

Alle stemmesetlane vart frakta til ein tidlegare basketballarena der oppteljinga for hand starta 23. april.

Førebels er berre 10 prosent av stemmene talte opp, og firmaet har kontrakt for å bruke arenaen berre i vel ei veke til. Då må alle stemmesetlane flyttast på ny.

– Slapp tryggleik

Justisdepartementet reagerte etter å ha blitt kontakta av fleire veljarrettsgrupper som klaga over slapp tryggleik rundt stemmene.

Førre veke offentleggjorde senatet og det private firmaet, Florida-baserte Cyber Ninjas, reglane og prosedyrane sine for oppteljinga.

Valansvarlege i delstaten Bo Dul seier at dei fastsette reglane er for omtrentlege og opnar for tolking av resultatet.

Mellom anna opnar reglane for så stor feilmargin at firmaet som står for oppteljinga, kan hevde at tidlegare president Donald Trump vann delstaten.

Rykte om ulovlege stemmer

Nyheitsbyrået Associated Press har tidlegare meldt om rykte som går om at det er funne ein halv million ulovlege stemmer under den private oppteljinga.

Det ville uansett ikkje endre på valresultatet, som for lengst er formelt godkjent.

Trump og tilhengjarane hans har utan dokumentasjon hevda at han tapte Arizona og andre viktige delstatar på grunn av valfusk.

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.