Hopp til innhold

Trump pressa Georgias valansvarlege til å «finne» stemmer

Donald Trump ringde laurdag Georgias øvste valansvarlege og bad han om å «finne» stemmer nok til å gjere om valnederlaget i delstaten.

Donald Trump med hevet pekefinger

Onsdag 20. januar må avtroppande president i USA Donald Trump overlate Det kvite huset til valvinnar Joe Biden. Trump har likevel ikkje gitt opp håpet om å kunne endre valresultatet.

Foto: ANDREW CABALLERO-REYNOLDS / AFP/NTB

The Washington Post har fått tilgang til eit opptak av den timelange telefonsamtalen mellom president Trump og delstatens øvste valansvarlege, republikanaren Brad Raffensperger. Avisa har sjølv publisert klipp frå av samtalen.

Ifølgje avisa prøvde Trump å smigre Raffensperger, samtidig som han innstendig bad han om å ta grep. I tillegg hinta han med truslar om konsekvensar dersom Raffensperger nekta å hjelpe han med å «finne» fleire stemmer i Trumps favør.

– Høyr her. Alt eg vil er dette: Eg vil berre finne 11.780 stemmer, noko som er éin meir enn vi har. Fordi vi vann delstaten, seier Trump til Raffensperger i telefonsamtalen.

Ifølgje New York Times kan presidenten i denne telefonsamtalen ha brote både føderale og delstatslover som forbyr innblanding i valprosessar. Men advokatar som avisa har snakka med, trur det vert vanskeleg å nå fram i ein rettssal.

– Umogleg at eg tapte

Raffensperger avviser i samtalen påstandane til presidenten. Han peikar på at Trump lener seg på konspirasjonsteoriar som allereie er avviste av valstyresmaktene.

– Utfordringa du har, er at informasjonen som du sit på, er feil, seier Raffensperger i telefonsamtalen med Trump.

– Det er fullstendig umogleg at eg tapte i Georgia. Det er ikkje mogleg. Vi vann med hundretusenvis av stemmer, seier Trump.

Delstaten Georgias øverste valgansvarlige, republikaneren Brad Raffensperger, har gjentatte ganger forsvart tellingen av stemmer etter presidentvalget. President Donald Trump forsøker likevel å få delstaten til å undersøke stemmene nok en gang.

Delstaten Georgias øvste valansvarlege, republikanaren Brad Raffensperger, har gjentekne gonger forsvart teljinga av stemmer etter presidentvalet. President Donald Trump prøver likevel å få delstaten til å undersøkje stemmene endå ein gong.

Foto: Brynn Anderson / AP/NTB

Telefonsamtalen er berre det siste trinnet i ei lang rekkje av Trump sine forsøk på å forandre utfallet av det som styresmaktene har kalla eit demokratisk og rettferdig presidentval, skriv nyheitsbyrået AP.

Trumps til no siste forsøk på å endre valresultatet, skjer drygt to veker før han må forlate Det kvite huset, og to dagar før omkampen om dei to viktige senatsplassane i Georgia som kan vippe fleirtalet i Senatet.

Donald og melania Trump kom tilbake fra juleferie i Florida til det hvite hus nyttårsaften

Donald og Melania Trump kom attende frå juleferie i Florida på nyttårsaftan. Presidenten bruker framleis mykje tid på å forsøke å få endra valresultatet frå november.

Foto: TASOS KATOPODIS / AFP/NTB

Tre omteljingar

Georgia gjennomførte omteljing av stemmene heile tre gonger, der Joe Biden kom sigrande ut alle gongene. Dette fall ikkje i god jord hos Trump.

Så seint som for nokre veker sidan retvitra Trump ein påstand frå ein advokat som skreiv at mellom andre Raffensperger vil bli fengsla etter å ha kåra Biden som vinnar.

Biden vann valet i Georgia med ein stemmeovervekt på 12.779. Delstaten har tidlegare vore sett på som ein sikker republikansk delstat.

Tok opp senatsvalet

Tysdag skjer det viktige omvalet på dei to senatsplassane i Georgia. Utfallet avgjer om Republikanarane beheld fleirtalet sitt i Senatet.

I telefonsamtalen med Raffensperger sa Trump òg at om Raffensperger ikkje gjer noko før tysdag, vil det setje den politiske framtida til dei to republikanske senatorane på spel.

Trump meiner framleis at han er den rettmessige vinnaren av presidentvalet i november. I desember valde valkollegiet Joe Biden formelt til president, og han blir innsett 20. januar.

Trump sine mange påstandar om omfattande valfusk er avviste både av hans eigen justisminister, den nasjonale valkommisjonen, utanlandske valobservatørar og delstatsstyresmaktene. Trump har ikkje lagt fram bevis for påstandane.

Offentleggjorde samtalen etter twitter-åtak

Offentleggjeringa av telefonsamtalen har vakt stor oppsikt i USA.

USAs påtroppande visepresident Kamala Harris meiner Donald Trump misbrukte makta si då ha bad Brad Raffensperger om hjelp til å «finne» stemmer som kunne endre valresultatet i delstaten.

Kamala Harris på vagmøte i Georgia 3. januar

Kamala Harris talte på eit valmøte i Savannah i Georgia søndag.

Foto: Michael M. Santiago / AFP/NTB

– Trump sine handlingar avslører desperasjonen, sa Harris på eit arrangement i Savannah i Georgia søndag kveld. Ho driv valkamp på vegner av to demokratar som kjemper om senatsplassar for delstaten.

Harris kalla Trump sitt forsøk på å omgjere haustens valresultat i Georgia, «eit skamlaust, kraftig maktmisbruk».

– Avskyeleg

Også den republikanske kongressrepresentanten Adam Kinzinger reagerer sterkt.

– Dette er fullstendig avskyeleg. Kvar ein kongressmedlem som vurderer å sette seg imot valresultatet, kan ikkje gjere det med reint samvit i lys av dette, skreiv Kinzinger på Twitter.

Det kvite huset har avvist å kommentere saka, melder CNN.

Gjorde opptak

Ifølgje TV-stasjonen var det tilsette på kontoret til Raffensperger som gjorde opptak av samtalen. Raffensperger skal ha sagt at han ikkje ville offentleggjere innhaldet med mindre presidenten gav feil referat eller gjekk til åtak på ham. Søndag morgon gjekk Trump til åtak på Raffensperger på Twitter.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt