Hopp til innhold

Trump sine skattemeldingar skal utleverast til Kongressen

USAs høgsterett gir grønt lys for utlevering av Trump sine skattemeldingar til ein komite i Kongressen

Donald Trump

SKAL UTLEVERAST: Skattemeldingane til tidlegare president Donald Trump skal utleverast til Kongressen.

Foto: Andrew Harnik / AP

Det skjer etter ein juridisk dragkamp som har gått føre seg i heile tre år.

CNN skriv at det blei samrøystes vedteke.

Domstolen avviste utan kommentar oppmodinga frå Trump om ei avgjerd som skulle hindra Finansdepartementet i å utlevera skattemeldingane for seks år.

Nekta å offentleggjera

Trump er den einaste presidenten i USA i moderne tid som ikkje har offentleggjort skattemeldingane sine.

Dei omstridde dokumenta omfattar skattemeldingar og informasjon om noko av næringsverksemda til ekspresidenten.

Under Trumps tid som president nekta departementet altså å frigi desse papira.

Biden-administrasjonen sa med tilvising til føderale rettsreglar at komiteen hadde rett til innsyn til innsende opplysningar til alle skattebetalarar, inkludert presidentens.

No skal dokumenta overleverast til kontrollkomiteen i Representantanes hus, der demokratane enn så lenge har fleirtal.

Etter valet nyleg blei det nemleg klart at Representantanes hus igjen får eit republikansk fleirtal.

Lang kamp

Donald Trump har forsøkt å forhindra førespurnaden heilt sidan den kom frå demokrat Richard Neal tilbake i 2019.

Dragkampen om å få tilgang til å granska skattemeldingane til den tidlegare presidenten har gått føre seg i det amerikanske rettsapparatet i fleire år.

Trump har blant anna argumentert med at ein sitjande president har immunitet med omsyn til strafferettslege etterforskingar, deretter at utleveringar er eit brot på privatlivet og eit forsøk frå Demokratane på å råka han.

Demokratane har i ei årrekkje kravd å få utlevert skattemeldingane til Trump. Under valkampen i 2016 sa Trump at han ville offentleggjera desse, men dette har ikkje skjedd.

Les også Donald Trump bekrefter at han stiller som presidentkandidat i 2024

USAs tidligere president Donald Trump bekrefter at stiller som presidentkandidat i 2024.

Nye kjeppar i hjulet

Komiteens etterforsking stikk nye kjeppar i hjulet til Donald Trump som stiller som kandidat i presidentvalet i 2024.

Avgjerda tysdag er det andre tapet for Trump i høgsterett på to månadar.

I oktober bestemte domstolen seg for å ikkje gripa inn i den juridiske dragkampen om FBIs beslaglegging av dokument frå Trump sin bustad i Florida. Trump blir etterforska for ulovleg handtering av graderte dokument han tok med seg då han flytta ut av Det kvite hus.

At avgjerda om utleveringa av skattemeldingane var samrøystes, kom truleg som ei lita overrasking på Trump då tre av dommarane blei valde ut til høgsterett av nettopp han.

Tidlegare har dommarar som har vore utnemnde av Trump stått i vegen for utlevering av skattemeldingane.

Trump sitt vidare håp er dermed at komiteen som etterforskar han, snart får ny leiing då republikanarane sikra seg knapt fleirtal i Representantanes hus i mellomvalet.

Dei tar difor også i januar over komiteen som etterforskar den tidlegare presidenten.

SISTE NYTT

Siste nytt

USAs president Joe Biden under den årlige korrespondentmiddagen i Det hvite hus.

Biden spøkte med egen alder og kom med stikk mot Trump

Lørdag hadde amerikanske journalister sin årlige korrespondentmiddag med president Joe Biden. Utenfor var det store demonstrasjoner mot krigen i Gaza.