Hopp til innhold

USA-soldat ville hjelpe Al Shabab

Craig Baxam, ein tidlegare soldat i den amerikanske hæren, er tiltalt for å ville hjelpe den somaliske terrororganisasjonen Al Shabab.

Granatangrep mot nattklubb i Nairobi

Al Shabab gjennomførde fleire angrep mot Nairobi i Kenya i oktober i fjor.

Foto: Ben Curtis / Ap

24-åringen vart arrestert av kenyansk politi i desember i fjor, då han prøvde å krysse grensa til Somalia. I ei skriftleg fråsegn frå det amerikanske statsadvokatembetet heiter det at Baxam hadde planar om å gi fleire hundre dollar i gåve til gruppa, og dessutan tilby seg å delta i det væpna opprøret.

LES OGSÅ: Fleire granateksplosjonar i Kenya

LES OGSÅ: Terrormilits satser på Twitter

Risikerer 15 års fengsel

Islamistisk opprører fra Al Shabab

Både USA og EU ser på Al Shabab som ein terrororganisasjon.

Foto: ABDIRASHID ABDULLE ABIKAR / AFP

Han risikerer fengsel i inntil 15 år, dersom han blir funnen skuldig, melder BBC .

Craig Baxam er frå Maryland utanfor hovudstaden Washington. Han gjekk inn i hæren i 2007, der han fekk trening i etterretning og kryptologi. Han tenestegjorde i Irak, og etterpå reiste han tilbake til USA.

Han gjekk inn i dei væpna styrkane på nytt, og denne gongen vart han send til Sør-Korea, der han var i eitt år. Han skal ha blitt muslim etter å ha lese ei islamistisk Internettside under tenesta i Sør-Korea, men heldt det hemmeleg at han hadde konvertert.

– Respekterer sharialovene

Ifølgje fråsegna frå statsadvokatembetet prøvde han å reise til Somalia fordi han meinte at dette var eit land der dei muslimske sharialovene vart respekterte. Han kunne ikkje lenger bu i USA, og han skal ha sagt at dei einaste stadene det var mogleg for han å leve, var delar av Somalia og i Taliban-kontrollerte område i Afghanistan.

Han tok fly frå Baltimore i USA til Nairobi 20. desember og prøvde å nå grensa til Somalia med buss og drosje. Han vart først avhøyrt av FBI i Nairobi, og då sa han blant anna at han ville dø for å forsvare islam.

LES OGSÅ: Turistene flykter fra ferieparadis

Arrestert siste fredag

Han vart pågripen då han returnerte til USA sist fredag.

Under avhøyr med FBI skal etterforskarane ha fortalt han om at Al Shabab faktisk oppmodar til å banke opp menneske som ikkje deltek i fredagsbøna. Det er slik det skal vere, skal han ha svart.

LES OGSÅ: Al Shabaab truar med terror i Kenya

LES OGSÅ: Terrorsiktede med bånd til Norge

SISTE NYTT

Siste nytt