Hopp til innhold

Fleire granateksplosjonar i Kenya

Ein person er drepen og fleire såra i nok ein granateksplosjon på eit busstopp i den kenyanske hovudstaden Nairobi.

Kenya Explosion

Ein såra mann får behandling på eit sjukehus i Nairobi etter eksplosjonen på eit busstopp i sentrum av hovudstaden.

Foto: Sayyid Abdul Azim / Ap

Eksplosjonen tok livet av ein person og sende åtte på sjukehus, ifølgje Raudekrossen i Kenya.

– Åtte skadde er frakta til Kenyatta nasjonale sjukehus, opplyser hjelpeorganisasjonen på Twitter.

Ifølgje Sky News var det ein granat som gjekk av ved busstoppet. Dermed er Nairobi råka av to granatåtak på under eit døgn.

Har trua med åtak

Den amerikanske ambassaden i Kenya åtvara for få dagar sidan om faren for dødelege åtak, ettersom den islamistiske organisasjonen Al-Shabab har trua med åtak inne i Kenya.

Bakgrunnen for konflikten er at kenyanske soldatar har gått inn i Somalia på jakt etter bortførde utlendingar.

Natt til måndag blei 13 personar skadde i eit granatåtak mot ein bar i Nairobi. Mange fekk stygge brannskadar og sår frå granatsplintane.

Peter Ndungu Kiarie (35) sat i bilen sin like ved busstoppet då han høyrde smellet frå den andre granaten, og såg folk komma springande i hans retning.

– Eg hjelpte nokon av dei skadde fram til ambulansen kom, seier Kiarie til Sky News.

Blodig åtak mot bar

Jonah Mwangi var på utestaden då den første granaten blei utløyst natt til måndag. Han kom frå åtaket skada, men i live og fortel om det han opplevde som ei grufull hending.

– Smellet var så høgt og eg kjende smerter med det same. Blodet spruta på meg og alle prøvde å koma eg ut derifrå, fortel Mwangi frå senga på sjukehuset i Nairobi.

Presidenten i Somalia seier onsdag at han er sterkt imot dei kenyanske soldatane sin offensiv mot islamistar sør i Somalia.

– Somaliske styresmakter og det somaliske folket vil ikkje tillata at utanlandske styrkar marsjerer inn på somalisk jord utan løyve, seier Sharif Sheikh Ahmed.

Utsegnet frå den somaliske presidenten står i kontrast til avtalen som blei gjort mellom dei to landa førre veke om å «samarbeida om å oppretthalda tryggleiken og om militære operasjonar».

SISTE NYTT

Siste nytt