Hopp til innhold

Al Shabaab truar med terror i Kenya

Den islamistiske organisasjonen Al-Shabab truar med angrep inne i Kenya, etter at kenyanske soldatar har gått inn i Somalia på jakt etter bortførde utlendingar.

Kenyanske soldatar har kryssa grensa til Somalia.

Fleire tusen kenyanske soldatar har kryssa grensa til Somalia.

Foto: TONY KARUMBA / Afp

– Dei kenyanske styrkane opererer no 100 kilometer inne i Somalia, og militærfly har bomba inne i landet. Dette kjem dei til å angre på, og dei vil kjenne

Al-Shabab-talsmann Ali Mohamud Rage.

Shabab-talsmann Ali Mohamud Rage truar med angrep i Kenya som det i Uganda under finalen i fotball-VM.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

konsekvensane av det heime i Kenya, sa Shabab-talsmannen sjeik Ali Mohamud Rage på ein pressekonferanse i Mogadishu i dag.

Terror i Uganda

Han sa ifølgje AP at det kan kome angrep som det i Uganda i fjor, då 76 menneske vart drepne . Sjølvmordsbombarar frå Al-Shabab slo til mot ein kafé der fleire hundre menneske var samla for å sjå i finalen i fotball-VM på fjernsyn.

Rage sa at dette angrepet vart gjennomført fordi Uganda har soldatar inne i Somalia som del av fredsstyrken frå Den afrikanske union (AU).

Den kenyanske hæren har erklært krig mot Al-Shabab-geriljaen etter at den islamistiske organisasjonen har bortført fleire utanlandske hjelpearbeidarar. Sist torsdag vart to spanske hjelpearbeidarar bortførde frå flyktningleiren Dadaab i Kenya.

LES OGSÅ: bortførde frå flyktningleiren

LES OGSÅ: Soldater prøver å drive ut milits fra Mogadishu

Kvinner bortførde

APTOPIX Uganda Bomb Blast

76 menneske vart drepne i terrorangrepet mot ein ugandisk kafé under VM-finalen i fotball i fjor.

Foto: Marc Hofer / Ap

Tidlegare har ei britisk- og ei fransk kvinne blitt bortførte frå kenyanske turistbyar ved Det indiske hav. Al-Shabab har nekta for å ha noko med desse bortføringane å gjere, men kenyanske styresmakter set ikkje lit til det.

Kenyanske politikarar fryktar at bortføring av utlendingar skal true den viktige turistindustrien i landet.

Kenyas utanriksminister Moses Masika Wetangula seier at Kenya forsvarar seg etter dei mange bortføringane. Han hevdar at dei vart bedne om å gripe inn av den somaliske regjeringa.

Dette er ikkje stadfesta på offisielt somalisk hald, om det er mogleg å snakke om offisielt hald i dette landet, som har vore prega av borgarkrig i mange år. Men ein somalisk FN-diplomat BBC har snakka med seier at eit kenyansk angrep inne i Kenya vil vere ei krenking av Somalias suverenitet.

LES OGSÅ: – Minst 70 mennesker drept i Mogadishu

– Tungt væpna soldatar

Fleire tusen kenyanske soldatar skal ha kryssa grensa til Somalia sidan i går.

Saleban Mohamed, ein stammerådsmedlem i ein landsby utanfor Qoqani, rundt 75 kilometer frå grensa til Kenya, seier til nyheitsbyrået Reuters at han har sett 32 lastebilar og stridsvogner og fleire hundre menn.

Ein annan landsbybuar seier at kenyanarane er tungt væpna, og at dei har byrja å grave skyttargraver like ved Qoqani.

Somaliske flyktningar på veg til Kenya.

Flyktningstraumen frå Somalia til Kenya held fram.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt