Hopp til innhold

USA reknar våpenbutikkar som kritisk infrastruktur

Trump-administrasjonen i USA har sett våpenindustrien, inkludert våpenbutikkar, på ei føderal liste over kritisk infrastruktur i samband med koronapandemien.

Våpenbutikk i Cheyenne i Wyoming 21. mars 2020.

Denne våpenbutikken i Cheyenne i Wyoming i USA har merka auka sal i samband med koronapandemien.

Foto: Jim Urquhart / Jim Urquhart

Dette går fram av nettsida til US Departement of Homeland Security, ministeriet for innanlands tryggleik. Det gjeld fabrikkar som produserer våpen og ammunisjon, pluss butikkar, importørar, distributørar og skytebaner.

Andre døme på kritisk infrastruktur er energiforsyning, matproduksjon, naudetatane, regjeringsapparatet, transport og helsevesen.

Det blir presisert at dette er ei rådgjevande liste frå sentrale styresmakter til administrasjon og politikarar på kommune-, fylkes- og delstatsnivå under pandemien.

Press frå våpengrupper

Våpen var ikkje med på den opphavlege lista over det Trump-administrasjonen reknar som kritisk infrastruktur. Endringa på lista, som vart gjort laurdag, kom etter at fleire våpenlobbygrupper hadde trua delstatsstyresmaktene i California med å gå til retten for å hindre at våpenbutikkar vart stengde.

Gavin Newson, guvernør i California.

Guvernøren i California, Gavin Newson, seier at det er opp til dei 58 fylka i delstaten om våpenbutikkar skal haldast opne.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / JUSTIN SULLIVAN

Dei meiner at dette er i strid med den såkalla «second amandment» i den amerikanske grunnlova, om retten til å bere våpen og å forsvare seg.

Interessegruppa «Gun Owners of America» (Amerikanske våpeneigarar) seier i ei fråsegn at dei er glade for at Trump-administrasjonen ikkje ser bort frå retten til å forvare seg under unntakstilstanden i samband med pandemien.

Vil bestemme sjølve

Guvernøren i California, Gavin Newson, seier ifølgje nyheitsbyrået AP at kvart enkelt av dei 58 fylka i delstaten sjølve skal bestemme om dei ser på våpenbutikkar som så viktige at dei skal vere opne for publikum.

Sist veke kom det meldingar om at våpenbutikkar over heile USA merka stor pågang av frykt for pandemien. Mange av dei som no har strøymt til våpenbutikkane blir karakteriserte som førstegongskjøparar.

Årsaka er truleg frykt for auka kriminalitet som følgje av virusutbrotet.

USA, og spesielt New York City, er hardt ramma av koronaviruset. President Donald Trumps fremste smittevernekspert, Anthony Fauci, fryktar at fleire millionar menneske kan bli smitta av viruset, og at over 100.000 kan døy.

Hittil er vel 124.000 smitta og 2231 døde i USA.

– Mafiaen gjer alt dei kan for å tene pengar på korona

SISTE NYTT

Siste nytt