Hopp til innhold

– Mafiaen gjer alt dei kan for å tene pengar på korona

Når slike ting som koronaviruset dukkar opp, er mafiaen der med ein gong. Målet deira er å tene store pengar raskt, seier ein tidlegare leiarfigur i Cosa Nostra i New York.

Michael Franzese, tidlegare capo i Cosa Nostra.

Michael Franzese var tidlegare høgt oppe i Cosa Nostra-mafiaen i New York. Han hoppa av for 25 år sidan.

Foto: Everett Collection

Michael Franzese (69) var i mange år capo, ein slags lokal leiar, for Colombo-familien, ein del av den mektige New York-greina til den sicilianske mafiagrupperinga Cosa Nostra. Han hoppa av frå Cosa Nostra i 1995, men har framleis gode kontaktar innanfor organisert kriminalitet i USA.

I dag livnærer han seg som forfattar og foredragshaldar for blant andre unge lovbrytarar som ynskjer å bryte med fortida si. I den aktive forbrytarkarrieren sin var han kjent under kallenamnet ‎«The Yuppie Don», som kan omsetjast med noko slikt som jappe-mafiasjefen.

Han fortel til det amerikanske magasinet Forbes at kriminelle alt er i gang med å selje koronatestar, vernemasker og anna naudsynt utstyr til sjukehus og andre institusjonar, og at alt saman er rein svindel. Han trur at aktiviteten til dei kriminelle vil auke i tida framover, no når USA ser ut til å ha blitt det nye episenteret for korona-pandemien.

– Perfekte forhold

Koronapasient i New York.

Ein kvinneleg koronapasient blir hjelpt inn i ein ambulanse i New York. Den amerikanske storbyen er hardt ramma av virusepidemien.

Foto: STEFAN JEREMIAH / STEFAN JEREMIAH

– Dei skal tene så mykje pengar dei kan så fort som mogleg, og dei bryr seg ikkje om kven dei svindlar. Og pandemien har skapt perfekte forhold for dei, seier Franzese til magasinet.

Spesialagent Rich Jacobs i FBIs avdeling for datakriminalitet i New York seier at kriminaliteten i samband med koronaepidemien grovt sett kan delast inn i to.

– Den første er tradisjonell svindel med testutstyr, vaksinar og medisin, eller tilbod om å investere i falske selskap dei seier lagar slikt utstyr. Den andre delen skjer på nettet, der falske nettsider og e-postar gir råd om korleis ein skal verne seg mot viruset, seier han.

Desse sidene inneheld ofte lenker ein kan gå inn på for å få meir informasjon, og det kan igjen føre til identitetstjuveri, installering av fiendtleg programvare og slike ting.

Også her i landet er det registrert forsøk på liknande type svindel.

Koronasmitte i New York.

New York er hardt ramma av koronaviruset, og helsearbeidarar jobbar på spreng for å hjelpe sjuke menneske.

Foto: Kathy Willens / Kathy Willens

Illegal gambling

Tidlegare spesialagent i FBI, Ray Kerr, seier at avlysinga av alle sportsarrangement har ført til at Cosa Nostra har tapt store inntekter. Han meiner at illegal gambling på alle typar idrettar, har vore ei svært viktig inntektskjelde for mafiaen. Det betyr igjen at dei må sjå seg rundt etter andre måtar å tene pengar på.

Cosa Nostra i New York er i hovudsak styrt av fem familiegreiner. Det er familiane Bonanno, Colombo, Gambino, Genovese og Lucchese.

Tidlegare denne veka presenterte den Geneve-baserte forskargruppa GI-TOC, der 500 ekspertar på organisert kriminalitet er med, ein rapport om korleis den aktuelle koronapandemien vil verke inn på organisert kriminalitet. Her blir det vist til eksempel over heile verda om korleis kriminelle utnyttar pandemien til eiga vinning.

Vi har tidlegare høyrt om kriminelle i favelaene i Brasil som har teke ansvar for å halde innbyggjarane innandørs, medan styresmaktene har gjort lite. Dette gjer dei fordi dei vil tene mindre pengar på narkotikasal når folk er sjuke eller til og med døyr.

Dei viser også til eksempel frå Mexico, Iran, Ukraina, Aserbajdsjan og Italia.

Italia hardt ramma

Italia er eitt av landa som er hardast ramma av koronaepidemien, og politiet har alt teke beslag i stole eller forfalska utstyr til helsestellet i fleire regionar.

Sergio Nazzaro, talsmann for antimafiakommisjonen i den italienske nasjonalforsamlinga sa det slik:

«Mafiaen er som koronaviruset – det når fram til deg same kvar du er».

Det er ei kjent sak at mafiagrupperingane har infiltrert store delar av næringslivet i landet. Er det pengar å tene ein stad, så er mafiaen der, også i industrien som leverer utstyr til helsestellet. I 2018 vart det avslørt at ei mafiagrein i det sørlege Italia gjorde ein avtale med lokale politikarar om å levere medisinsk utstyr til blant anna sjukehus og helsesenter.

Her greidde mafiaen å få kontroll over alt frå produksjon av utstyret til distribuering, ifølgje GI-TOC.

Det italienske antimafiapolitiet er sterkt uroa over korleis mafiaen kan utnytte at mange forretningsdrivande har fått store problem som følgje av pandemien. Når mafiaen kjem og tilbyr dei lån, så kan mange kjenne seg freista.

Og kjem ein først i klørne til dei organiserte kriminelle, er det vanskeleg å kome seg unna. Rentene er skyhøge, og ofte endar det med at dei kriminelle overtek kontrollen over næringsverksemda.

SISTE NYTT

Siste nytt