Hopp til innhold

USA-guvernør kom til Nord-Korea

Den amerikanske guvernøren Bill Richardson kom i dag til Pyongyang i Nord-Korea. Samstundes startar Sør-Korea ei ny stor militærøving i Gulehavet.

Bill Richardson før avreise til Nord-Korea

Bill Richardson kom til Pyongyang i Nord-Korea i dag. Her er han fotografert før avreise frå USA.

Foto: Craig Fritz / Ap

Bill Richardson, guvernør i New Mexico og tidlegare amerikansk ambassadør til FN, sa då han reiste frå Beijing i Kina i dag tidleg norsk tid at han håpte at han kunne bidra til å redusere spenninga på den koreanske halvøya. Han blir truleg i Nord-Korea fram til måndag.

Frykt for krig

Demonstrasjon i Sør-Korea i dag

Heilt sidan det nordkoreanske angrepet har det nesten dagleg vore demonstrasjonar i Sør-Korea med krav om ein sterkare reaksjon på angrepet.

Foto: TRUTH LEEM / Reuters

Besøket kjem mindre enn ein månad etter at Nord-Korea gjekk til angrep på den sørkoreanske øya Yenpyeong, eit angrep som har ført til frykt for ein ny krig mellom dei to koreanske statane.

Det er nettopp frå den omstridde øya Yenpyeong Sør-Korea ein av dei nærmaste dagane startar den fem dagar lange militærøvinga, som blant anna inneber artilleriskyting frå øya.

Nord-Korea meiner øya tilhøyrer dei. Øvinga er den første på Yenpyeong sidan det nordkoreanske angrepet.

LES OGSÅ: Sør-Korea gjør store militære endringer

LES OGSÅ: Nord-Korea forbereder ny atomprøvesprengning

Håp om resultat

- Eg har eit håp om å få til fred. Bodskapen min er at vi må få Nord-Korea til å stanse dei aggressive handlingane sine. Eg håpar eg kan hjelpe til, at vi kan få til resultat, sa Bill Richardson til det franske nyheitsbyrået AFP før han reiste frå Beijing.

Han får ei vanskeleg oppgåve. Sør-Korea har dei siste dagane gjennomført ei omfattande utskifting av forsvarssleinga. Dette skjer på grunn av kraftig kritikk for at det sørkoreanske svaret på det nordkoreanske angrepet var alfor veikt.

Målet med utskiftingane er å styrkje forsvaret si evne til å slå tilbake nye nordkoreanske angrep.

- Vi vil reagere raskt og sterkt på nye nordkoreanske provokasjonar, sa Lee Boong-Woo, talsmann for den sørkoreanske forsvarsleiinga.

LES OGSÅ: Nord-Korea skylder på sør for artilleriangrep

LES OGSÅ: Nord-Korea forbereder ny atomprøvesprengning

Signal til omverda

Bill Richardson har fleire gonger tidlegare vore i Nord-Korea. Denne gongen er han invitert av Kim Kye-Gwan, som har leidd den nordkoreanske delegasjonen under forhandlingane om landet sitt atomprogram.

- Kvar gong Nord-Korea har invitert meg til landet, vil dei alltid sende ut eit signal som dei håpar kan vere med på å redusere spenninga i området, sa Richardson før han reiste frå Beijing

Kina har bede om nye forhandlingar i sekslandsgruppa som tidlegare har forhandla med Nord-Korea, men både USA, Sør-Korea og Japan har gjort det klart at dette ikkje er aktuelt no.

LES OGSÅ: Bill Richardson til Nord-Korea

LES OGSÅ: USA ber Kina samarbeide om Nord-Korea

LES OGSÅ:

SISTE NYTT

Siste nytt