NRK Meny
Normal

Bill Richardson til Nord-Korea

Den amerikanske politikaren Bill Richardson reiser til Nord-Korea komande veke. Amerikanske styresmakter seier han ikkje har eit offisielt oppdrag i landet.

Guvernør i New Mexico, Bill Richardson.

BIll Richardson, guvernør i delstaten New Mexico, reiser til Nord-Korea på privat besøk.

Foto: MARK RALSTON / Afp

Bill Richardson er ein sentral politikar i Det demokratiske partiet, og han er i dag guvernør i delstaten New Mexico. Amerikansk UD seier at vitjinga hans i Nord-Korea er privat.

- Eg har ikkje med meg ein bodskap, men eg vil hjelpe til. OM eg kan bidra til å dempe spenninga på øya, vil turen vere verd det, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

LES OGSÅ: Sør-Korea vil ha nye militærøvelser

LES OGSÅ: USA ber Kina samarbeide om Nord-Korea

- Dette er ei privat reise, og han kjem ikkje til å ha med seg ein offisiell bodskap til styresmaktene i Nord-Korea, seier talsmann Philip Crowley i amerikansk UD.

Situasjonen på den koreanske halvøya er svært spent, etter at Nord-Korea sist månad gjekk til angrep på ei sørkoreansk øy i Gulehavet. Fire menneske vart drepne og fleire titals vart skadde i angrepet, og det var også store materielle øydeleggingar.

Det har vore frykt for at hendinga skal utløyse full krig mellom dei to koreanske statane, og det blir spekulert i om Richardson si reise til det lukka landet kan ha samband med eit forsøk på å redusere spenninga i området.

Bill Richardson deltok i kampen om å bli Det demokratiske partiet sin presidentkandidat i 2008. Han trekte seg tidleg i prosessen og gav si støtte til Barack Obama.

LES OGSÅ: ICC skal etterforske Nord-Korea

LES OGSÅ: Obama ber Kina stagge Nord-Korea

LES OGSÅ: Sør-Korea starter stor marineøvelse

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt