Hopp til innhold

USA ber Israel verne hjelpearbeidarar

Forsvarsministeren i USA ber Israel setje inn strakstiltak for å verne hjelpearbeidarar. Han er opprørt over at sju tilsette i ein hjelpeorganisasjon blei drepne på Gazastripa.

Secretary of Defense Lloyd Austin

Forsvarsminister Lloyd Austin reagerer kraftig på det israelske angrepet.

Foto: Kevin Wolf / AP

Lloyd Austin snakka med kollegaen sin i den israelske regjeringa, Yoav Gallant onsdag. Han bad om at Israel straks innfører konkrete tiltak for å sikre at hjelpearbeidarar ikkje blir utsette for angrep.

Han bad også om at sivile palestinarar må vernast mot angrep.

Torsdag skal den amerikanske presidenten, Joe Biden snakke med statsministeren i Israel, Benjamin Netanyahu på telefon. Biden har tidlegare sagt at han er «knust» etter angrepet, og at hendingar som dette ikkje skal skje.

Bilde av en av bilene til World Central Kitchen hvor sju ansatte ble drept etter et israelsk angrep.

Bilane i kolonnen som blei angripen av Israel var merkte med hjelpeorganisasjonen sin logo.

Foto: Reuters

Er opprørt

I samtalen onsdag sa forsvarsminister Austin at han er opprørt over det israelske angrepet mot nødhjelpskolonnen frå World Central Kitchen.

Austin bad også om at hendinga blir granska, og at dette skjer raskt. Han bad vidare om at dei skuldige må stillast til ansvar, ifølgje det amerikanske forsvarsdepartementet.

Sju av World Central Kitchens hjelpearbeidere ble drept i et israelsk angrep første april, 2024.

Sju av World Central Kitchen sine hjelpearbeidarar blei drepne i det israelske angrepet.

Foto: Skjermbilde / WCK

Hjelpearbeidarane blei drepne i eit israelsk luftangrep seint måndag kveld, nær byen Deir al-Balah sentralt på Gazastripa.

Dei kom frå Polen, Storbritannia, USA, Canada og Australia. I tillegg blei den palestinske sjåføren deira drepen.

World Central Kitchens konvoi ble angrepet da den var på vei fra et lager omtrent midt på Gazastripen.

Angrepet kom då bilane frå World Central Kitchen var på veg frå eit lager på Gazastripa.

Foto: AFP

Israel har vedgått at angrepet fann stad, men kallar dei «ein alvorleg feil».

Benjamin Netanyahu seier at angrepet var «utilsikta».

– Slikt skjer i krig, sa Netanyahu.

Han har lova å granske hendinga, og offentleggjer funna.

Kraftig fordømming

Torsdag gjekk grunnleggjaren av World Central Kitchen til frontalangrep på Israel sin versjon av det som skjedde.

I eit intervju med nyheitsbyrået Reuters sa José Andrés at Israel angreip «systematisk bil etter bil.»

Les også Hjelpeorganisasjon: – Israel angrep systematisk bil etter bil

Bilde av en av bilene til World Central Kitchen hvor sju ansatte ble drept etter et israelsk angrep.

Det var tre bilar i kolonnen som blei treft. Bilane var tydeleg merkte med organisasjonen sin logo på taket og på sidene, og køyrde i eit område der det ikkje var kamphandlingar.

Andrés sa at organisasjonen hadde tydeleg kommunikasjon med det israelske forsvaret, IDF, som hadde fått informasjon om kolonnen si køyrerute.

Ei rekkje statsleiarar har reagert med sinne og fordømming, og kravd gransking av angrepet.

SISTE NYTT

Siste nytt