Hopp til innhold

USA ber Assange stanse lekkasje

Amerikanske styresmakter har vendt seg direkte til Wikileaks-sjefen Julian Assange og bede han om å ikkje offentleggjere hemmelege dokument frå amerikanske diplomatar.

Julian Assange

Julian Assange skal ha vore viljug til å forhandle med amerikanske styresmakter.

Foto: VALENTIN FLAURAUD / Reuters

I eit brev til Assange skriv ein juridisk rådgjevar i det amerikanske utanriksdepartementet at offentleggjeringa av diplomatisk post er i strid med amerikansk lov, og at det kan setje mange liv i fare, opplyser ein amerikansk tenestemann til BBC .

Les heile brevvekslinga i Washington Post

LES OGSÅ: – Offentliggjør 251.287 telegrammer

LES OGSÅ: – Klaging på franskmennene ble en sport

- Farleg for mange

Det gjeld både journalistar, menneskerettsaktivistar og bloggarar, i tillegg til at lekkasjen vil vere øydeleggjande for USAs miiltære operasjonar, heter det.

Brevet frå amerikansk UD har overraska journalistar i Washington, og at det viser at Det kvite hus er svært uroa over innhaldet i dokumenta som Wikileaks vil offentleggjere.

Det er venta at Wikileaks i løpet av kvelden vil offentleggjere over 250.000 dokument, som blant anna inneheld kommunikasjon mellom amerikanske utanriksstasjonar og ambassadar og Washington.

Det er venta at Wikipeaks-pakken vil innehalde konfidensielle dokument frå amerikanske diplomatar i land som Australia, Storbritannia, Canada, Israel, Russland og Tyrkia.

LES OSGÅ: Advarer britiske redaktører mot Wikileaks-materiale

LES OGSÅ: Diplomatenes skittkasting og flauser kan komme alle for øre

Ber om oversikt

Assange skal ha bede om ei oversikt over kven som ville vere i fare som følgje av lekkasjen, og han skal også ha sagt at han kan vere villig til å forhandle om å halde tilbake ein liten del av dokumenta.

Men amerikansk UD har gjort det klart at det ikkje blir snakk om å forhandle om dokument som Wikileaks har skaffa seg på ulovleg vis.

Analytikarar meiner at innhaldet i dokumenta kan bli svært pinleg for USA og landet sine allierte. Blant anna er det venta at det kjem fram svært udiplomatiske vurderingar både av personar og regjeringar.

Ein britisk regjeringstalsmann har sagt at lekkasjane kan vere farlege for britiske statsborgarar i muslimske land.

LES OGSÅ: – Wikileaks-lekkasjar kan skade forholdet mellom USA og Russland

LSE OGSÅ: Wikileaks varsler Tyrkia-lekkasje

LES OGSÅ: Tror dokumenter er lastet ned fra fra forsvarsdepartementets maskiner

SISTE NYTT

Siste nytt