Hopp til innhold

– Wikileaks-lekkasjar kan skade forholdet mellom USA og Russland

Dei nye dokumenta som nettstaden Wikileaks har varsla, inneheld hemmelege dokument som kan skade forholdet mellom USA og Russland, skriv russisk avis.

Julian Assange legger frem lekkede Irak-dokumenter

Julien Assange la fram dokument om Irak-krigen. Han varslar nye lekkasjar, som kan skade forholdet mellom USA og Russland, ifølgje russisk avis.

Foto: Leon Neal / AFP

USA-ambassadør til Irak, James Jeffrey

USA-ambassadør til Irak, James Jeffrey, på besøk på ein flybase i Irak i dag.

Foto: Maya Alleruzzo / Ap

Lekkasjar av hemmelege rapportar frå den amerikanske ambassaden i Moskva inneheld vurderingar av den politiske situasjonen i Russland og lite flatterande omtale av russiske politiske leiarar, skriv avisa Kommersant på leiarplass ifølgje nyheitsbyrået NTB

USA har åtvara regjeringar i Storbritannia, Australia, Canada, Danmark, Noreg og Israel om offentleggjeringa frå Wikileaks.

Russland er derimot ikkje informert, ifølgje avisa.

2,7 millionar dokument

Wikileaks hevdar at dei vil offentleggjere sju gonger så mange dokument som det dei offentleggjorde frå krigen i Irak, noko som vil bety at 2,7 millionar dokument er på veg.

Det amerikanske forsvarsdepartementet trur dokumenta vil få ein negativ effekt på utanrikspolitkken deira.

– Wikileaks er eit absolutt og forferdeleg hinder for oss å drive diplomati. Den amerikanske ambassaden er bekymra for den varsla lekkasjen, seier USA-ambassadør i Irak James Jeffrey.

– Vi er bekymra for kva det er som kjem ut, seier han ifølgje nyheitsbyrået AFP.

– Lekkasjane opprører

Ifølgje Jeffrey blir det diplomatiske arbeidet vanskelegare når WIkileaks slepp dokument.

På spørsmål om korleis Irak reagerte på den siste runden med lekkasjar, svarte han:

– Dei var heilt klart veldig misfornøgde... alle som har hemmelege diskusjonar, og merkar at desse samtalane hamnar i pressa, vil bli veldig misfornøgde og opprørte.

Vil definere om verdshistoria

Det amerikanskef utanriksdepartementet seier dei vurderer korleis publiseringa kan gå ut over USA sitt forhold til resten av verda.

Kongressen i USA og andre offentlege organ er orienterte om korleis dei kan bli påverka av publiseringa, skriv nyhetisbyrået Bloomberg.

Ifølgje Wikileaks vil dokumenta innehalde informasjon som vil definere om verdshistoria.

SISTE NYTT

Siste nytt