Hopp til innhold

Unik fødsel gir håp for kritisk trua nashorn-art

På sitt niande forsøk fekk nashornet Rosa ein frisk kalv. – Ein milepæl

Nyfødt Sumatra-nesehorn gir håp for arten.

Sumatra-nashornet er kritisk trua. No skapar ein sjeldan fødsel glede internasjonalt.

Foto: HANDOUT / AFP

Eit Sumatra-nashorn er fødd på eit dyresenter i Indonesia, kunngjorde styresmaktene denne veka.

Kalven gir håp for ein art på randa av utrydding.

nesehorn født i indonesia

Det vesle nashornet er ei jente, men har enno ikkje fått eit namn.

Foto: HANDOUT / Biro Humas KLHK

Det vesle nashornet er ei jente, men har enno ikkje fått eit namn.

Foto: HANDOUT / Biro Humas KLHK

Under 80 dyr i live

Det finst fem artar av nashorn i verda i dag. Alle er kvalifiserte som trua artar.

Sumatra-nashornet er det minste av nashorna. Arten er kritisk trua og finst berre i Indonesia. Færre enn 80 nashorn er framleis i live.

Fødselen i Indonesia har derfor fått internasjonal merksemd.

– Dette er eit viktig augneblink for ein kritisk trua art. Vi deler begeistringa for Fødselen med verda, seier Nina Fascione i International Rhino Foundation (IRF).

Organisasjonen Save the Rhino kallar det ein milepæl.

Nyfødt Sumatra-nesehorn gir håp for arten

Mamma Rosa viser fram sin nye kalv som ble fødd forrige uke.

Foto: HANDOUT / AFP
Nyfødt Sumatra-nesehorn gir håp for arten
Foto: HANDOUT / AFP
Sumatra-neshorn født i Indonesia.
Foto: HANDOUT / AFP

Tøft svangerskap

Det er nashornet Rosa som har fødd den unike kalven. Babylykka har likevel ikkje komme utan utfordringar.

Rosa har vore drektig åtte gonger tidlegare, men dette er den fyrste vellykka fødselen, ifølgje CNN.

Kalven, som enno ikkje har fått namn, utgjer det åttande nashornet på dyresenteret, som ligg nasjonalparken Way Kambas.

Ho er den tredje kalven som er fødd på senteret. Far hennar, Andatu, var det fyrste Sumatra-nashornet som vart fødd i fangenskap i Indonesia, ifølgje IRF. Han vart fødd i 2012.

Nesehorn med kalv i Indonesia

Etter åtte mislukka forsøk, fekk Rosa sin kalv.

Foto: Biro Humas KLHK

Etter åtte mislukka forsøk, fekk Rosa sin kalv.

Foto: Biro Humas KLHK

Krypskyttarar og naturinngrep

Sumatra-nashorn levde ein gong over heile Søraust-Asia. I 2019 døydde det aller siste individet i Malaysia, ifølgje CNN.

Det er fleire grunnar til at talet på nashorn har falle. Horna har lenge vore brukt i tradisjonell asiatisk medisin. Dyra har derfor vore ettertrakta av krypskyttarar, skriv kanalen.

I seinare år har òg menneskelege inngrep i naturen øydelagt habitatet til nasehorna. Det har hindra dei frå avl.

nesehorn med kalv i Indonesia.

Kalven er den tredje kalven som er fødd på dette senteret.

Foto: HANDOUT / AFP

Kalven er den tredje kalven som er fødd på dette senteret.

Foto: HANDOUT / AFP

Fleire nashorn i India

Det vesle nashornet i Indonesia er ikkje den einaste gladnyheita for nashorn denne veka.

I Kaziranga nasjonalpark i India har bestanden av indisk nashorn vakse, skriv The Hindu. 200 dyr har komme til dei siste fire åra. Det er ein auke på 12 prosent, ifølgje AP.

India Rhino Census Photo Gallery

Ved hjelp av dronar og 50 tamme elefantar vart det gjort ei oppteljing av indiske nashorn i Kaziranga nasjonalpark. Den trua bestanden hadde auka på 12 prosent.

Foto: Anupam Nath / AP
India Rhino Census Photo Gallery
Foto: Anupam Nath / AP
India Rhino Census Photo Gallery
Foto: Anupam Nath / AP

SISTE NYTT

Siste nytt