Hopp til innhold

Foreldrelause Darin: – Eg kan ikkje leve utan mamma

Darin (10) er ei av dei som for alvor er ramma av krigens brutalitet. No åtvarar Unicef om stadig fleire foreldrelause born som følgje av krigen i Gaza.

10 år gamle Darin sit i sjukesenga på al-Aqsa-sjukehuset sentralt på Gazastripa etter å ha mista så godt som heile sin familie i eit israelsk luftangrep mot Gazastripa.

FORELDRELAUS: 10 år gamle Darin sit i sjukesenga på al-Aqsa-sjukehuset i Deir al-Balah etter å ha mista så godt som heile sin familie i eit israelsk luftangrep mot Gazastripa.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

I ei sjukeseng på al-Aqsa-sjukehuset sentralt på Gazastripa sit 10 år gamle Darin.

Det er snaue to månadar sidan livet hennar vart snudd på hovudet.

– Vi leika. Huset rista. Så landa raketten på oss. Etter det skjønte eg ikkje kva som skjedde, fortel ho.

NRK sitt team i Gaza møter femteklassingen på sjukehuset i byen Deir al-Balah.

Dei unge tar støyten

Darin fortel at familien fekk ordre om å evakuere til Nuseirat fordi der «var det trygt».

Det israelske luftangrepet tok livet av nærmare 70 slektningar, inkludert mor, far og besteforeldre. Darin og hennar fem år gamle bror Kinan var dei einaste som overlevde.

Grandtanta har no foreldreansvaret for Darin og tørkar tårer på 10-åringen.

Grandtanta har no foreldreansvaret for Darin og tørkar tårer på 10-åringen.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

10-åringen ser på bilete av sine avdøde familiemedlemmar. Tårene pressar på. Plutseleg brest ho ut i gråt.

– Kvar gong veslebror spør etter mamma, tar eg til tårene, fordi eg må fortelje han at ho ikkje er her lenger. Vi vil ha familien vår tilbake. Eg taklar ikkje meir. Eg kan ikkje leve utan mamma, seier 10-åringen gråtkjøvd.

No er det grandtanta Yosra på 60 år som overtar foreldreansvaret.

– Ho har ingen andre. Eg må steppe inn som forelder. Eg skal oppdra henne godt og gi ho utdanning. Ho er ei av mine døtrer no og eg skal passe på ho så lenge eg lever, fortel den nybakte forsørgjaren.

Ropar varsku

Helsepersonell på Gazastripa fortel til BBC at dei har oppretta eit akronym for den nye typen krigsoffer.

WCNSF står for wounded child, no surviving family. Med andre ord skada born utan overlevande familiemedlemmar.

James Elder, talsperson for Unicef, seier til nyheitsbyrået Reuters at det er vanskeleg å vete nøyaktig kor mange born som no er foreldrelause som følgje av krigen, men erkjenner at det er eit aukande problem.

– Når eit barn er siste attlevande familiemedlem, så har du eit reelt problem. Det seier noko om intensiteten i konflikten, og at born er taparane, seier han.

Euro-Med Human Rights Monitor estimerte 9. desember at omkring 25.000 born på Gazastripa hadde mista anten ein eller begge foreldra.

– Eg har møtt skadde born på sjukehus som har mista alle. Mor, far, sysken, besteforeldre, tanter, onklar. Alle saman er drepne, sukkar Elder.

Les også Over tusen av Gazas barn har måttet amputere – Asef er en av dem

Asef - drømmen knust

Ifølge tal frå FN er over 1,9 millionar palestinarar drivne på flukt på Gazastripa. Det utgjer 85 prosent av befolkninga.

Under våpenkvila for nokre veker sidan, opererte Unicef med det James Elder omtalar som «trygge soner» for born på flukt.

Der kunne borna få eit pusterom frå alt det vonde. Samtidig kunne Unicef danne seg eit bilete over kven som var foreldrelause.

– I dei trygge sonene kunne borna som har mista alt, få ein augneblink til å puste og leike. Men desse sonene vart bokstavleg talt blåst i stykke då krigen starta opp att 1. desember, seier han fortvila.

– Gjev aldri opp

Hjelpeorganisasjonar jobbar no med å leggje til rette for born som har mista familiane sine.

– Vi veit at det hjelpearbeidet som no vert gjort, ikkje er nok, seier Gemma Connell.

Ho koordinerer den humanitære innsatsen i Gaza på vegner av FN.

– Vi står overfor mangfaldige utfordringar kvar einaste dag, men gjev aldri opp, fordi vi veit at borna treng vår hjelp, understrekar Connell.

Over 20.000 menneske er drepne i israelske angrep mot Gazastripa sidan krigen braut ut 7. oktober i år.

Omkring 8000 av dei er born.

Les også Nord-Gazas siste sykehus ute av spill – frykter lignende tilstander i sør

Flyktninger på Shifa

Livet går vidare

Darin skada føtene i bombeangrepet. No er ho i hardtrening for å kunne gå igjen.

– Eg saknar å kunne gå på eigne bein slik som andre born kan. Kvar gong legane skiftar bandasje på føtene mine, ser eg på dei og byrjar å grine, seier ho nedstemd.

Den lille familien finn trøyst i kvarandre.

Den vesle familien finn trøyst i kvarandre.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

– Eg spør Gud kvifor dette har skjedd meg. Eg vil heller vere martyr saman med familien min i paradis, enn å vere skada, seier ho.

Under NRK sitt besøk, skriv Darin eit brev til si avdøde mor i den rosa notatblokka si;

Kjære mor. Du er veldig god. Same gjeld far og bror. De er martyrar som har kome til paradiset. De er heldige. Det er nok fint i paradis. Eg og Kinan saknar dykk veldig. Måtte Gud vise dykk nåde.

Les også Hamas-leder på besøk i Egypt: – Har behov for ny våpenhvile

Den politiske lederen i Hamas, Ismail Haniyeh. Bildet er fra 2017.

SISTE NYTT

Siste nytt