Donald Trump kom inn i hovudsalen like før klokka 12, til fanfarar og ståande applaus i to minutt.
Trump fekk ståande applaus då han kom inn i salen.
Foto: SAUL LOEB / AFP / NTBHan er der i samband med at fyrste del av fredsplanen hans startar, med overlevering av gislar og fangar mellom Israel og Hamas.
Før talen sin skreiv Trump ei stor helsing i ei bok.
– Dette er mi store ære – ein fantastisk og vakker dag. Ei ny byrjing, skreiv han.
Trump starta besøket hos Knesset med å skriva ei helsing.
Før han taler til nasjonalforsamlinga, møter Trump familiane til fleire av gislane, viser bilete frå israelsk TV.
– Krigen er over. Dette er ein bra dag. Det er ei ny byrjing, sa han til journalistar då han kom.
Fleire frammøtte i Knesset har raude kapsar med påskrifta «Trump the peace president».
Foto: Evelyn Hockstein / Reuters / NTBÒg dottera Ivanka Trump er i Knesset måndag, og fekk ståande applaus då ho kom inn i salen.
Fredsmøte i Egypt
Seinare på dagen skal han vidare til Sharm el-Sheikh i Egypt, der forhandlingane mellom Israel og Hamas har gått føre seg den siste veka.
Der skal han delta på eit fredsmøte med den egyptiske presidenten Abdel Fattah El-Sisi.
Jonas Gahr Støre (Ap) og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er blant dei som deltar på møtet.
– Noreg støttar opp om dette viktige skrittet mot fred i Gaza. Noreg vil òg støtta opp om at palestinske styresmakter vert sikra i det framtidige styresettet i Gaza, seier Støre til NRK.
Ifølge ein talsperson for Sisi skal òg Benjamin Netanyahu delta på toppmøtet, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Donald Trump landa i Israel måndag morgon.
Foto: JACK GUEZ / AFP / NTBDet same gjer mellom anna Frankrikes president Emmanuel Macron og den britiske statsministeren Keir Starmer.
I tillegg skal Mahmoud Abbas, president for dei palestinske områda, delta, erfarer fleire medium.
Fyrste del av fredsplan
Måndag starta overleveringa av gislar og fangar mellom Israel og Hamas.
Utveksling gissel og fangar
Hamas skal frigi 20 attlevande gissel. Utvekslinga skal skje innan 72 timar frå avtalen trer i kraft.
Israel skal frigi 2000 palestinske fangar.
Tilbaketrekking av styrkar
Det israelske militæret skal gradvis trekkja tilbake styrkane sine.
Fordrivne palestinarar får venda tilbake til Nord-Gaza og Gaza by.
Naudhjelp skal inn
Minst 400 lastebilar med naudhjelp skal sleppe inn i Gaza dei først fem dagane. Etter det skal naudhjelpa auka gradvis, ifølgje Hamas.
Fleire punkt gjenstår
Både den israelske regjeringa og Hamas har godkjent fredsplanen, men første del inneheld få kjende detaljar. Punkt som avvæpning av Hamas og korleis Gaza skal bli styrt, gjenstår å diskutera.
Hamas skal sleppa fri 48 gislar, 20 av dei framleis i live. Til gjengjeld skal Israel sleppa fri rundt 1950 palestinske fangar.
Måndag føremiddag stadfesta IDF at alle dei levande gislane har vorte overleverte.
Dei fyrste lauslatne palestinske fangane har òg kome til Gaza, ifølge Reuters.



Busser med palestinske fanger ankommer Ramallah på den okkuperte Vestbredden.
REUTERSInteressert i utanriks? Høyr utanriksredaksjonens podkast: