Hopp til innhold

Ungdomsopprør i Frankrike: – Raseriet er ein arv frå foreldra

Tusenvis av unge franskmenn har tatt til gatene for å protestere den siste veka. Sinnet har lege latent i fleire tiår, meiner forskar.

Ei jente på rundt 16 år lener seg mot ein vegg ute, og snakkar med to politimenn, som står med ryggen til kamera.

Gjennomsnittsalderen på dei arresterte er 17 år.

Foto: JUAN MEDINA / Reuters

Knuste vindauge, bilar som står i brann og eit angrep på huset til ein liberal-konservativ ordførar. Franske ungdommar er ute i gatene, igjen. Dei tyr til vald og gjer hærverk.

– For å forstå, må ein sjå forbi dei brennande bilane, seier Helena Berkaoui, sjefredaktør for Bondy Blog.

Audmjukande forhold til politiet

Protestane blei utløyst av drapet på ein 17 år gamal gut som blei tatt i å køyre utan førarkort. Han blei skoten i i brystet av ein politimann då han prøvde å køyre frå dei.

Demonstrantane protesterer no mot diskriminering i politiet.

Det franske nettmediumet Bondy Blog følger særleg protestar og opprørsrørsler i Frankrike tett. Sjefredaktør Berkaoui har snakka med fleire demonstrantar, som fortel om eit audmjukande forhold til politiet.

– Når politiet sjekkar dei, er det alltid i ein ubehageleg tone. Til og med når sjekken går bra, er det ord som stikk og rasistiske ytringar, seier ho.

Portrettbilete av Helena Barkaoui.

Helena Barkaoui følger protestane i Frankrike.

Foto: PRIVAT

Opprør mot rasisme

Demonstrantane meiner det er strukturell rasisme i Frankrike, noko franske styresmakter har avvist.

Dette er det tredje politidrapet som har skjedd i samband med trafikkontrollar i år. I fjor blei 13 personar drepne i tilsvarande situasjonar i Frankrike. Størsteparten av offera sidan 2017 har anten vore svarte eller av arabisk opphav, ifølge Reuters.

Ei undersøking gjort av afrikanske og afro-karibiske foreiningar i Frankrike viser at 9 av 10 svarte kjenner seg som offer for rasistisk diskriminering i Frankrike.

Då protestane braut ut førre veke, bad difor talspersonen for FNs høgkommissær for menneskerettar, Ravina Shamdasani, Frankrike om å ta eit oppgjer med rasismen i landet.

Ein ungdom blir arrestert av ein politimann.

I løpet av ei veke med opprør skal over 3000 vere arresterte.

Ein gut sit på bakken men hendene mot ansiktet, ein politimann står framfor han.
Arrestasjon på Champs elysee. Ein ung mann ligg på bakken.
TmFtX-Ein ung mann står med eit kne i bakken. Hendene i veret. Eit politi med ryggen til kamera ser på han. Bak han er det meir politi.

Opprøret låg latent

Kjerstin Aukrust, professor ved Universitetet i Oslo, har forska på sosiale rørsler i Frankrike. Ho seier at opprøret har lege latent i fleire tiår, sjølv om dei som er i gatene er svært unge:

– Raseriet er ein arv frå foreldra. Det er stort sett folk med innvandrarbakgrunn som er i gatene, som har forfedrar som i stor grad kjem frå tidlegare franske koloniar.

På spørsmål om kvifor protestane er så valdelege, seier Berkaoui at dette er eit svar på valden frå styresmaktene:

Dette er vald som reaksjon på annan vald. Vald frå eit samfunn som undergrev minoritetar sine rettar, og som diskriminerer. Dette begynner allereie på skulen, og held fram i arbeidslivet, seier Barkaoui.

Ei hand held opp eit ark kor det står NO JUSTICE på.

Slagord som «inga rettferd» og «rettferd for Nahel» går att i demonstrasjonane.

Foto: SEBASTIEN SALOM-GOMIS / AFP

Aukrust er einig i at vald avlar vald, og viser til den franske forfattaren Edouard Louis for å forklare:

– Edouard Louis peiker på den politiske og sosiale valden demonstrantane har vore offer for gjennom mange år, i form av lave lønningar, kutt i trygdeordningar og press om å stå i jobb sjølv om ein er sjuk eller skada.

Hærverk og øydeleggingar

Frankrike er kjent for sine valdelege demonstrasjonar. Seinast i vår i år tok over ein million menneske til gatene for å protestere mot at president Emmanuel Macron hevde pensjonsalderen frå 62 til 64 år.

Les også Landet som elsker protest

En mann spiller trompet under en protest i Lyon i Frankrike 7. mars.

Knuste butikkvindauge, søppelberg i gatene grunna streik,brennande bilar og svartkledd ungdom prega nyheitsbiletet.

Ein har sett mykje av det same den siste veka. Det skal vere meldt om 5000 brente kjøretøy og 1000 brente eller skadde bygningar, og ein 24 år gamal brannmann omkom i eit sløkkjeoppdrag.

Utbrente busser.
Utbrent bil med utbrent bygning i bakgrunnen.
Utbrent bygning.

Det er gjort hærverk på både offentlege og private bygg, og fortvilte ordførarar over heile landet har bedt om «tilbakevending til republikansk orden». Det er venta at oppryddingsarbeidet vil bli krevjande.

– Ein konsekvens av masseinnvandring

Opprøret vi ser no har særleg skapt reaksjonar på høgresida i den franske politikken.

Leiar av partiet Les Républicains, Éric Ciotti, seier at motstandarane har angripe republikken, og krev inndraging av statsborgarskapet til opprørarane med dobbel statsborgarskap.

Bilete av Eric Ciotti.

Éric Ciotti kallar demonstrantane for barbarar.

Foto: LUDOVIC MARIN / AFP

Ciotti meiner at dette er ein konsekvens av masseinnvandring.

Det er også starta ein innsamlingsaksjon til familien til den no drapssikta politimannen. Go fund me-aksjonen er oppretta av ein tidlegare høgreradikal politikar, Jean Messiha. Tysdag ettermiddag har han samla inn over 17 mill. kroner.

Ber foreldre ta ansvar

President Macron har fordømt drapet, men òg protestane. Han har ikkje direkte svart på skuldingane om rasisme i politiet. Han har derimot sagt at sosiale medium og videospel har spelt ei viktig rolle for opprøret, og bedt foreldre passe på barna sine.

For å dempe det valdelege opprøret, har han kommandert 45.000 politimenn ut i gatene. Protestane blir mindre i omfang for kvar dag, og stadig færre blir arresterte.

Frankrikes president Emmanuel Macron snakkar til ei samling menneske som sit rundt han.

Tysdag møtte Macron over 200 ordførarar for å diskutere oppryddinga og hjelp til å reparere øydelagde bygg.

Foto: Ludovic Marin / AP

Macron sa i møte med over 200 ordførarar tysdag at «toppen er nådd», og at det viktigaste framover blir å sikre fred.

Ikkje tru på endring

Berkaoui har ikkje tru på at opprøret vil føre til endring:

– Når vi ser på reaksjonane frå regjeringa og presidenten, er det ikkje håp å skimte. Problemet med rasisme i politiet blir ikkje nemnt. Styresmaktene klandrar foreldra til ungdommen. Det er ingen tvil om at vinnaren av dette blir ytre høgre, seier ho.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt