Hopp til innhold

Uidentifisert drone overvaka svensk marineøving

Ein eller fleire fjernstyrte dronar har overvaka den store svenske marineøvinga Swenex, som vart avslutta i dag. Øvinga vart avbroten og våpena ladda med skarp ammunisjon.

Swenex - stor svensk militærøving.

Svenske soldatar er klare til avfyring av ein missil under marineøvinga Swenex i Austersjøen.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / TT NYHETSBYRÅN

Det er den svenske avisa Dagens Nyheter som melder dette i kveld. Kjelder avisa har snakka med seier at dei svenske fartøya var klare til å skyte mot dei uidentifiserte flygande objekta, men at det ikkje vart gjort.

Det er uklart kvifor det ikkje vart losna skot. Det kan ha vore fordi dronen eller dronane kom seg ut av området, eller det kan vere fordi det vart teke ei avgjerd om ikkje å skyte.

Forsvaret stadfestar

Det svenske forsvaret stadfestar at det vart gjort observasjonar av ukjende flygande objekt under øvinga, men dei vil ikkje gi fleire opplysningar.

Svenske soldater ved kai

Tidlegare i år deltok den svenske marinen i jakta på det som kunne vere ein framand ubåt i svensk farvatn.

Foto: PONTUS LUNDAHL / NTB scanpix

– Vi kan stadfeste observasjonane. Men kva det var, og i kor stor utstrekning, kjem vi ikkje til å gå inn på, seier pressesekretær Jesper Tengroth i Det svenske forsvaret. Han seier at dei alltid tilpassar seg til det gjeldande trusselbiletet, men at han ikkje vil seie noko om kva tiltak som vart sette i verk.

Dronar blir i stadig større grad brukt i krig, til dømes i land som Afghanistan, Syria og Ukraina.

- Provoserande russisk signalpolitikk i Austersjøen

Presisjonslys

Dronen eller dronane som vart observerte over Austersjøen under Swenex hadde posisjonslys som viste i mørkeret. Det har leidd til spekulasjonar om at dei er sende opp av ei stormakt, som ynskjer å vise at dei har kapasitet til å følgje det svenske forsvaret.

Det er gjort liknande observasjonar to gonger tidlegare i dag. DN melde 4. juli i år at det vart observert dronar då amerikanske og svenske styrkar deltok i marineøvinga Baltops. Observasjonen vart gjort over Utö i skjergarden utanfor Stockholm mellom 10. – og 13. juni i år.

Den andre observasjonen skjedde under ei flyvåpenøving 2.–6. september i år. Ei drone flaug over flybasen Hagshult i Småland, og øvinga vart stansa. Jesper Tengroth stadfestar også denne observasjonen.

Trening av leiarar

Dei siste dagane har Det svenske forsvaret har gjennomført den største leiarøvinga på fleire år. 1100 leiarar på ulike nivå i forsvaret trente på leiing i gråsona mellom krig og fred, blant anna med tanke på sabotasjeaksjonar.

Sist søndag, midt under øvinga, vart ein 33 år gammal polsk statsborgar gripen av svenske soldatar i nærleiken av Bålsta nord for Stockholm, etter at han hadde fotografert ved to større kommandosentralar for luftforsvaret, Björnen og Grizzly.

SISTE NYTT

Siste nytt