Hopp til innhold

- Provoserande russisk signalpolitikk i Austersjøen

Russlands utplassering av avanserte rakettar i Kaliningrad, enklaven som ligg inneklemt mellom NATO-landa Litauen og Polen, vekkjer sterke reaksjonar, også i det nøytrale Sverige.

Militærparade i Moskva.

Russland har utplassert det avanserte rakettsystemet Iskander M i enklaven Kaliningrad i Austersjøen. Her blir rakettsystemet vist fram på ein militærparade i Moskva 9. mai 2015.

Foto: Alexander Zemlianichenko / Ap

Provokativ signalpolitikk, kallar den svenske forsvarsministeren Peter Hultqvist den russiske utplasseringa av Iskander M-rakettar i Kaliningrad. Han seier til Dagens Nyheter at det er spesielt alvorleg at dei utplasserte rakettane kan utstyrast med atomvåpen.

Det var sist fredag at eit russisk skip, eskortert av jagarfly, frakta Iskander-rakettane over Austersjøen til Kaliningrad.

– Omfattande militarisering

Sveriges forsvarsminister Peter Hultqvist.

Sveriges forsvarsminister Peter Hultqvist er sterkt uroa over den russiske styrkeoppbygginga i Kaliningrad.

Foto: Khalid al-Mousily / Ap

– Dette er ikkje bra. Det påverkar alle landa rundt Austersjøen i negativ retning, seier Hultqvist. Han har lenge åtvara mot den russiske opprustinga og dei stadig meir avanserte øvingane russarane driv i nærområda til Sverige.

Han ser stadig fleire teikn på ei omfattande militarisering i Russland, og meiner det er heilt tydeleg at Russland har til hensikt å styrkje si militære slagkraft i Austersjø-området.

– Utplasseringa av rakettar som kan bere kjernevåpen gir dette ein ekstra dimensjon. Det er eit urovekkjande og provokativt signal, seier den svenske forsvarsministeren.

Iskander-systemet kan med stor presisjon slå ut mål opp til 500 kilometer borte. Dermed er heile det sørlege Sverige opp til Stockholms-området innanfor området rakettane kan nå.

– Aukande trussel

– Trusselen frå russiske rakettar er aukande. Eit mareritt-scenario er at Russland går til angrep på Sverige med bombefly, med rakettar frå Kaliningrad, frå marinefartøy i Barentshavet og frå ein ubåt i Nordsjøen. Då blir det ikkje lett å forsvare seg, seier Peter Hultqvist.

Også dei baltiske landa og Polen, som alle er med i NATO, er sterkt uroa over den russiske opptrappinga i nærområdet deira. Iskander er eitt av dei mest avanserte våpensystema i det russiske rakettprogrammet.

Iskander-test i Russland.

Ein Iskander-rakett blir klargjort for utskyting under ei militærøving i Kubinka utanfor Moskva i fjor.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

Ein utskytingsrampe kan fyre av 24 rakettar utan å måtte lade om. Berlin og Warszawa er også innanfor rekkevidd. Iskander er først og fremst laga for å øydeleggje militære mål som kommandosentralar, flyplassar og heile militære avdelingar.

– Stor grunn til uro

Den polske forsvarsministeren Antoni Macierewisz seier til nyheitsbyrået Reuters at meldinga om rakettutplasseringa i Kaliningrad gir grunn til stor uro, og at polske styresmakter følgjer situasjonen svært nøye.

UD i Litauen kritiserer også utplasseringa, som dei meiner aukar spenninga i regionen, underminerer tilliten og har ein negativ effekt på tryggleiken i regionen.

Rykte om russisk rakettutplassering skaper frykt i Baltikum og Polen

Svarer med raketter i Kaliningrad

SISTE NYTT

Siste nytt