NRK Meny
Normal

UD: – Fullstendig uakseptabelt

Styresmaktene i Noreg ber Den afrikanske unionen etterforska skuldingane om at norsk-støtta soldatar valdtek og misbrukar somaliske jenter og kvinner.

AMISOM-soldat ved leir for internt fordrivne i Mogadishu

Overgrepa skal ifølgje HRW ha skjedd ved to AMISOM-basar i den somaliske hovudstaden Mogadishu i tidsrommet 2013–2014.

Foto: STUART PRICE / Afp

HRW-rapport om overgrep i Somalia

HRW oppmodar AMISOM sine internasjonale bidragsytarar til å starta ei uavhengig etterforsking av påstandane som kjem fram i rapporten “The Power These Men Have Over Us: Sexual Exploitation and Abuse by African Union Forces in Somalia”.

Foto: Skjermdump

Soldatar i Den afrikanske unionen (AU) sin fredsstyrke i Somalia, AMISOM, valdtek og byter til seg sex mot mat og medisinar, ifølgje rapporten «The Power These Men Have Over Us».

Det er menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch som har forfatta rapporten, basert på intervju med 21 kvinner som fortel at dei har blitt seksuelt misbrukte og utnytta av AMISOM-soldatar frå Uganda og Burundi.

– Det er fullstendig uakseptabelt at ein får slike rapportar om at soldatar har utnytta makta si til å gjera seg skuldige i overgrep mot sivile, seier statssekretær i det norske Utanriksdepartementet, Bård Glad Pedersen (H) til NRK.

Norsk støtte til AMISOM-opplæring

Noreg gir pliktige bidrag til FN, som finansierer AMISOM og er ein av dei viktigaste støttespelarane styrken har.

Rapporten nemner også eksplisitt Noreg som eitt av landa som gjev bilateral støtte til AMISOM-styrken:

«AMISOM får støtte frå FN (logistikk-relatert og økonomisk), EU og bilaterale donasjonar frå USA, Storbritannia, Japan, Noreg og Canada», skriv HRW.

– Me gir ikkje direkte støtte til AMISOM, men bidreg gjennom programmet «Training for peace» til opplæring av desse styrkane i internasjonal humanitær rett og i korleis ein kan beskytta sivile, også mot kjønnsbasert vald, seier den norske statssekretæren.

Betyr denne rapporten at opplæringa som Noreg har støtta har vore for dårleg?

– Det har eg ikkje eit grunnlag for å seia. Denne rapporten understrekar jo også kor viktig det er med opplæring og at dette blir prioritert også i tida framover for å sikra at soldatane som deltek i operasjonen opptrer på ein forsvarleg måte, svarar Pedersen.

– Noreg har kontakta AU

Bård Glad Pedersen

Statssekretær i Utanriksdepartementet Bård Glad Pedersen (H) vil ha ei uavhengig og grundig etterforsking av HRW sine påstandar.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

HRW-direktør Liesl Gerntholtz oppmodar land som støttar AMISOM om å jobba med Den afrikanske unionen (AU) for å få slutt på seksuelle overgrep og utnytting av somaliske kvinner, og gjera det dei maktar for å hindra ytterlegare seksuell utnytting og misbruk.

Utanriksdepartementet seier dei har kontakta AU om skuldingane som kjem fram i HRW sin rapport.

– Noreg har kontakta AU og teke opp desse skuldingane som kjem fram i rapporten. Det er positivt at dei no seier dei vil oppretta ei uavhengig etterforsking, seier statssekretær Pedersen til NRK.

Utanriksdepartementet skriv i ei utgreiing om sine prioriteringar til FN-toppmøtet i september at Noreg vil jobba for at FN i sitt fredsarbeid samarbeider med regionale aktørar som blant anna Den afrikanske unionen.

Sjølv om skuldingane mot AMISOM-soldatar skulle visa seg å vera riktige, held norske styresmakter fast ved at regionalt samarbeid er den beste måten å operera på i det krigsherja og valdstynga Somalia.

– Det er heilt naudsynt at AU er sentrale i å handtera utfordringar på det afrikanske kontinentet. Det er viktig for å klara å få langsiktige løysingar på dei utfordringane som er i Somalia og andre stader, meiner Pedersen i UD.

Kallar rapporten ubalansert

Statssekretær Pedersen åtvarar mot å trekkja for breie konklusjonar om AMISOM-styrken ut ifrå HRW-rapporten, men seier norske styresmakter vil halda auge med saka framover:

– AU må følgja opp det etterforskinga avdekkjer slik at ein i praksis får nulltoleranse mot denne typen overgrep.

Den afrikanske unionen lovar i ei pressemelding tysdag ei grundig etterforsking og seier dei har mekanismar for å handtera AMISOM-soldatar som eventuelt blir funne skuldige i slike ugjerningar.

Samstundes avviser samarbeidsorganisasjonen « på det sterkaste konklusjonane i rapporten til HRW, basert på skuldingar mot AMISOM om seksuell utnytting og misbruk».

AU meiner rapporten er ubalansert og unøyaktig og understrekar at skildringane i rapporten ikkje er representative for den generelle karakteren, operasjonane og organisasjonskulturen til fredsstyrken.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt