Hopp til innhold

HRW: – FN-støtta soldatar valdtek

Soldatar i ein fredsstyrke som får støtte frå FN og Noreg valdtek somaliske kvinner og byter sex mot mat, ifølgje ein ny rapport frå menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch (HRW).

AMISOM-soldatar i Mogadishu

AMISOM er Den afrikanske union (AU) sin fredsstyrke i Somalia. Fleire av soldatane i styrken blir no skulda for vald og overgrep mot sårbare kvinner og jenter.

Foto: Stuart Price / Ap

HRW-rapport om overgrep i Somalia

Internasjonale støttespelarar, spesielt FN, EU, USA og Storbritannia, bør starta ei uavhengig etterforsking av handlingane, heiter det i rapporten frå Human Rights Watch.

Foto: Skjermdump

I den 71 sider lange rapporten «The Power These Men Have Over US» fortel 17 år gamle «Aziza D.» at ho fekk 10 dollar og ein pose med eple som betaling av den ugandiske soldaten som valdtok henne.

«Eg gjorde det fordi eg vart truga til det ... Valet stod mellom å gjera som han ville eller å døy», fortel den somaliske jenta til menneskerettsorganisasjonen HRW.

Pengar, graut og kjeks mot sex

Rapporten inneheld sterke vitnesbyrd frå 21 somaliske kvinner og jenter som skal ha blitt valdtekne eller seksuelt utnytta av soldatar i Den afrikanske union sin fredsstyrke i Somalia, AMISOM.

HRW hevdar å kunne dokumentera 10 ulike tilfelle av seksuelle overgrep og valdtekt og 14 tilfelle av seksuell utnytting. Det yngste offeret var 12 år, og i fem av sakene er jentene under 18 år.

Det er AU-soldatar frå Uganda og Burundi som står bak overgrepa, ifølgje menneskerettsorganisasjonen.

Soldatane gir kvinnene pengar, medisin, graut, kjeks eller annan mat for å få overgrepa til å stå fram som ein bytehandel, ifølgje HRW.

– Einskilde AU-soldatar har misbrukt sine maktposisjonar til å utnytta nokre av dei mest sårbare kvinnene og jentene i Somalia, seier direktør Liesl Gerntholtz i HRW si avdeling for kvinnerettar.

I fleirtalet av sakene skjedde misgjerningane i 2013–2014 då kvinnene oppsøkte ein AMISOM-base for å få medisinar eller humanitær hjelp.

«Eg stod i medisin-kø då ein tolk tok kontakt med meg (..) Han introduserte meg for ein burundisk mann i 40–50 års alderen. Babyen min fekk leiketøy. Mannen kledde av seg og me hadde sex; babyen min begynte å skrika to gonger og det irriterte soldaten. Då det var over, fekk eg medisinen min, 10 dollar og litt mat», fortel «Deka R».

Somalia

AMISOM-soldatar i den somaliske hovudstaden Mogadishu (arkivfoto).

Foto: ABDIFITAH HASHI NOR / Afp

Får norsk støtte

Rapporten nemner eksplisitt Noreg som eitt av landa som gjev bilateral støtte til AMISOM-styrken:

«AMISOM får støtte frå FN (logistikk-relatert og økonomisk), EU og bilaterale donasjonar frå USA, Storbritannia, Japan, Noreg og Canada», skriv HRW.

I tillegg går ein stor del av den norske bistanden til Somalia via FN, som finansierer AMISOM og er ein av dei viktigaste støttespelarane styrken har.

– Land som støttar AMISOM bør jobba med Den afrikanske union (AU) for å få slutt på seksuelle overgrep og utnytting av somaliske kvinner, og gjera det dei maktar for å hindra ytterlegare seksuell utnytting og misbruk, seier HRW-direktøren Liesl Gerntholtz.

NRK har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå det norske Utanriksdepartementet.

Mannen kledde av seg og me hadde sex; babyen min begynte å skrika to gonger og det irriterte soldaten. Då det var over, fekk eg medisinen min, 10 dollar og litt mat.

"Deka R."

AMISOM seier til fagbladet Bistandsaktuelt at dei fordømmer alle former for overgrep mot sivile og at AU-soldatar som eventuelt blir funne skuldige i slike ugjerningar blir «tekne hand om på riktig måte».

– Me tek alle skuldingar mot AU-troppane i Somalia svært alvorleg, særleg påstandar og seksuelle overgrep, seier pressetalsmannen i AMISOM Eloi Yao.

Alle soldatar som skal ut i felten gjennomgår ifølgje Yao eit opplæringsprogram som skal førebyggja overgrep og seksuell utnytting.

AMISOM oppfattar difor rapporten som «ubalansert og urettferdig», ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Pressetalsmannen understrekar at fleirtalet av soldatane i Somalia oppfører seg heiderleg, og at dei har reglar og mekanismar for å luka ut dei «dårlege epla».

Sårbare av krig og svolt

AMISOM har 22.000 soldatar i konfliktherja Somalia. Fredsstyrken har sidan 2007 samarbeidd med somaliske regjeringsstyrkar i kampen mot den militante islamistgruppa Al-Shabaab.

Langvarig konflikt og hungersnaud har sendt tusenvis av somaliske kvinner og jenter på flukt i eige land. Dei manglar ressursar til å dekkja grunnleggande behov og er fullstendig avhengige av hjelp frå andre til å forsørgja seg og sine.

Den sårbare situasjonen fører til at dei ofte blir utnytta, og mørketala er store, ifølgje HRW.

AMISOM har gjennomført ei uavhengig gransking av skuldingane i HRW sin rapport. Resultatet er overlevert til somaliske styresmakter, som no har oppretta ein eigen komité til å etterforska påstandane.

SISTE NYTT

Siste nytt