NRK Meny
Normal

Tyskland stansar overvakingsavtale

Snowden-saka har ført til at Tyskland no har bestemt å avslutte ei hemmeleg overvakingspakt med USA og Storbritannia som har vore gyldig sidan Den kalde krigen.

Snowden-demonstrasjon i Tyskland

Ei gruppe demonstrerer for å gi asyl til Edward Snowden framføre Brandenburger Tor i Berlin.

Foto: PAWEL KOPCZYNSKI / Reuters

Avgjersla vart teken på fredag, som eit svar på det massive overvakingsprogrammet til britisk og amerikansk etterretning, som er avslørt av Edward Snowden.

Forbundskanslar Angela Merkel tok opp temaet med USA-president Barack Obama då han besøkte Berlin i juni. Men berre veker til kommande nasjonale val, har opposisjonspartia pressa Merkel kraftig om omfanget av overvakingsprogramma, og om regjeringa til Merkel har hatt kjennskap til dei.

Ville sikre soldatane

Tyske styresmakter har insistert på at amerikansk og britisk etterretning aldri har fått løyve til å bryte Tyskland sine strenge personvernlover. Men dei har vist til ein hemmeleg avtale frå 1960-talet, som har gjorde det mogleg for USA, Storbritannia og Frankrike å be tyske styresmakter om løyve for å drive overvaking i Tyskland.

Bakgrunnen for avtala var for å sikre soldatane desse landa hadde på tysk jord, skriv nyheitsbyrået AP.

– Kanselleringa av denne avtala, som er noko me har jobba med dei siste vekene, er ein nødvendig og riktig konsekvens av den siste debatten rundt personvern, sa utanriksministeren i Tyskland, Guido Westerwelle, i eit utsegn.

NSA-base i Tyskland

NSA har ein stor avlyttingsbase i Bad Aibling, utanfor Rosenheim i Sør-Tyskland.

Foto: CHRISTOF STACHE / Afp

– Få praktiske konsekvensar

Ein annan tysk tenestemann, som uttalte seg anonymt til AP, seier at kanselleringa ikkje vil få dei store praktiske konsekvensane, men at det mest er snakk om ein symbolsk avtale med røter frå Den kalde krigen.

Ein talsperson for den amerikanske ambassaden i Berlin, Ruth Bennett, stadfestar at overvakingsavtala har blitt kansellert, men ville ikkje kommentere saka vidare.

Den amerikanske overvakingsskandalen har skaka Tyskland dei siste vekene, meir enn i noko anna land i Europa. Saka har fått stor politisk merksemd, og dei store avisene har skrive om saka nærast kvar einaste dag.

Storavisa Der Spiegel har gjort avsløringa på eige hand i etterkant av Snowden-sakene. Mellom anna er det blitt avdekka at 500 millionar tyske telefon- og internettsamband vert avlytta i Tyskland kvar månad.

Hyppigast overvaka i Europa

Angela Merkel

Forbundskanslar i Tyskland, Angela Merkel, har vore i hardt vêr etter avsløringane om massiv overvaking.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

Tyskland skal dermed vere det landet i Europa som vert hyppigast overvaka av den amerikanske etterretningsorganisasjonen NSA. Dette er truleg fordi nokre av dei viktigaste knutepunkta for internasjonal internettrafikk ligg i Tyskland.

Angela Merkel har heile tida hevda at ho ikkje kjenner til at amerikanarane driv ei slik verksemd på tysk jord, men berre dei færraste tyskarane trur ho på denne forklaringa. Ei meiningsmåling av vist at heile 70 prosent av veljarane er misnøgd med handteringa av saka.

Eit kjernepunkt i saka er om den tyske etterretningsorganisasjonen BND har hjelpt amerikanarane med den omfattande overvakinga av tyske borgarar. I så fall har også BND brote tysk lov, noko som er ei svært alvorleg sak for Angela Merkel si regjering.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt