På sitt tjukkaste er ismassane seks meter tjukke, og arealet til isbreen har blitt halvert til kring ein hektar, melder Det bayerske vitskapsakademiet (BAdW) i ein rapport.
– Den attverande isen vil smelte heilt vekk dei neste eit til to åra, skriv akademiet.
Tapet på Søndre Schneeferner vil seie at Tyskland har fire isbrear att, alle i dei bayerske Alpane.
For å oppnå brestatus, må heile ismassen vere større enn 0.1 kvadratkilometer i storleik, skriv USA sine geologiske søkingar.
Dersom ein følger desse kriteria, ville ikkje Søndre Schneeferner vore rekna som ein bre i 2018 heller, sjølv om den var dobbelt så stor, og målte ti meter på sitt tjukkaste.
Når ein isbre er mindre enn 0.1 kvadratkilometer i storleik, eller 10 hektar, er den rekna som å ha for lite masse til å bevege på seg, skriv dei amerikanske geologane vidare.
Ventar å miste alle innan ti år
Klimaendringane fører til at isbrear smeltar raskt både i Alpane og andre stader i verda. Dette vil igjen føre til meir enn ein femdel av auken i havnivået i løpet av dette hundreåret.
Bayern sitt klimadepartement ventar at Tyskland vil miste alle isbreane sine innan ti år er omme, melde dei i ein rapport i fjor.
Før det hadde forskarar rekna at dei ville overleve fram til kring 2050.
Svartisen er ein av dei største breane i Norge.
Foto: LISI NIESNER / Reuters– Sjølv om vi vesentleg avgrensar utsleppa våre i løpet av tiåra som kjem, vil meir enn ein tredjedel av isbreane som finst i verda smelte før 2100, skriv Verdas Naturfond om fenomenet.
– Når det kjem til havis, er 95 % av den eldste og tjukkaste isen i Arktis allereie vekke.
Det er likevel brear, og ikkje havis, som fører til at havnivået stig, skriv naturfondet, då sistnemnde har same effekt som vassnivået som isbitar i eit glas vatn.
Likevel har dette svinnet sine eigne konsekvensar, på alt frå vêrmønsteret i resten av verda til levekåra til kvalrossar og isbjørnar.