Hopp til innhold

Tusenvis marsjerte mot tyrefekting i Madrid

«Tyrefekting er ei nasjonal skam» og «Tyrefekting – ei opplæring i råskap» var blant slagorda som prega plakatane under ein stor demonstrasjon mot den spanske nasjonaltradisjonen i Madrid i dag.

Demonstrasjon i Madrid.
Foto: SUSANA VERA / Reuters

Fleire tusen menneske frå heile Spania deltok i markeringa i den spanske hovudstaden, med krav om at det no må bli slutt på det dei meiner er ein barbarisk tradisjon, som ikkje høyrer heime i eit sivilisert samfunn.

Chelo Martin Pozo (39) kom heilt frå Sevilla i Sør-Spania for å vere med på demonstrasjonen. For han var det viktig å få fram at oksar har kjensler, og at dei lir under tyrefektinga.

– Ei nasjonal skam

– Tyrefekting er ei nasjonal skam, og dersom denne tradisjonen skal representere også meg, så er eg ikkje spansk, seier ho til AFP.

Azuzena Perez (36) frå Madrid bar ein plakat med teksten «Tyrefekting og kongefamilien høyrer heime på museum».

- Eg synest vi burde forby dyretortur som underhaldning, seier ho. Ho vedgår at det ikkje er lett å ta eit oppgjer med den gamle tradisjonen, fordi blant andre bestefaren hennar er ein stor tilhengjar av tyrefekting.

– Ei kunstform

Fleire byar og distrikt har den siste tida forbode ein del aktivitetar med oksar ved ulike folkefestar, men sjølve tyrefektings-tradisjonen har framleis mange mektige tilhengjarar.

Dei som verkeleg elskar tyrefekting, dei såkalla «aficionados», seier dei ikkje vil gi opp kampen for å halde oppe den gamle tradisjonen. Dei ser på tyrefekting som ei kunstform tett opp til spansk kultur, på lik line med nasjonaldansen Flamenco.

Interessa for tyrefekting er nok mindre i Spania enn tidlegare, men ifølgje storavisa El Pais vart det likevel arrangert 1736 tyrefektingar i landet i 2015. Det er 132 færre enn i 2014.

Rekordmange drept i okseløp i Spania

Minst fire skadde under okseløp i Pamplona

– Når den kommer mot deg, tror du du skal dø

SISTE NYTT

Siste nytt