Hopp til innhold

Minst fire skadde under okseløp i Pamplona

Minst fire brave unge menn vart skadde i det første okseløpet under San Fermin-festivalen i Pamplona i Spania i dag.

To okser løper i gaten i Pamplona

VIDEO: Dramatisk okseløp i Pamplona.

Ingen av dei fire alvorleg skadd, blir det opplyst ved sjukehuset i den nordspanske byen.

Okseløpet er ein fleire hundre år gammal tradisjon i Pamplona, som vart internasjonalt kjent gjennom romanen «The Sun also Rises», «Og solen går sin gang» på norsk, av

Protest mot okseløp i Pamplona.

Oksehorn og kunstig blod var blant verkemidla dyrevernarane brukte i protesten mot okseløpet.

Foto: ELOY ALONSO / Reuters

Ernest Hemingway. Fleire hundre nordmenn valfartar kvart år til festivalen, som opphavleg er til ære for skyts-helgenen til Pamplona, San Fermin.

Dyrevern-protest

Dyrevernarar har lenge prøvd å få stansa okseløpet, utan at dei har lukkast. Det har vore tradisjon dei siste åra at dyrevern-grupper har halde protestar i byen dagen før det første okseløpet.

Turistar frå heile verda kjem til Pamplona under San Fermin, og okseløpet har vorte den største attraksjonen. Tidlegare var tyrefektingane det viktigaste, men desse har vorte stadig dårlegare dei siste åra, ifølgje ekspertar.

Protestar mot okseløp i Pamplona.

Lettkledde demonstrantar heller kunstig blod over seg under protesten mot okseløpet i Pamplona.

Foto: ANDER GILLENEA / Afp

Norsk roman

Den norske forfattaren Erling Gjelsvik skreiv også om San Fermin og okseløpa i romanen «Dødt Løp» frå 1977. Her skildrar han tre unge nordmenn sine opplevingar under festivalen, der okseløp, fyll, fanteri og ulukkeleg kjærleik er viktige ingrediensar. Romanen er klart inspirert av Hemingway.

15 menneske har mist livet under okseløpa under San Fermin-festivalen sidan dei starta med statistikkskriving i 1911. Det siste dødsfallet skjedde i 2009.

Galskapen i Pamplona i gang igjen

Rekordmange drept i okseløp i Spania

Pamplona

SISTE NYTT

Siste nytt