Hopp til innhold

Tsipras vil ikkje gjeninnføre Dublin-reglane

Migrasjon stod høgt på agendaen då leiarane for dei sju middelhavslanda i EU i dag møttest i Aten, på invitasjon frå den greske statsministeren.

Greece Mediterranean Summit Alexis Tsipras, Fernando Equidazu

– Dersom vi skulle halde fram med å skape eit «Festning Europa» vil nederlaget vere eit faktum, seier Tsipras til Le Monde. Her ønsker han Fernando Equidazu, spansk statssekretær, velkommen til toppmøtet i Aten. Statsminister Mariano Rajoy som er midt i ei politisk krise kunne ikkje kome.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

– Visegrad-landa kan ikkje få lov til å dominere debatten om Europas framtid, seier Tsipras i eit intervju med Le Monde, og viser til Ungarn, Slovakia, Tsjekkia og Polen, som krev ei tøffare EU-linje når det gjeld migrasjon. Han seier at etter Brexit ser han eit EU som er på veg mot avgrunnen, og meiner at det er på tide å slå alarm.

I dag samlar han sine kollegaer frå Frankrike, Italia, Portugal, Kypros og Malta i Aten. Målet er å lage ein felles plattform før EU-toppmøtet i Bratislava seinare denne månaden.

Sjølv om alle leiarar tilfeldigvis er på venstresida i politikken ser Tsipras for seg at dette møtet kan skape ein ny tradisjon, uansett kva politisk farge regjeringane vil ha i framtida.

Meiner Dublin-avtala går ut over landa i sør

Den greske regjeringa går sterkt imot gjenopplivinga av dei såkalla Dublin-reglane, som krev retur av flyktningar til der dei først kjem inn i Europa – ofte Italia og Hellas.

– Eit land som Hellas som tek imot eit stort tal flyktningar frå Tyrkia og i tillegg husar eit stort tal flyktningar – praktisk talt utan hjelp utanfrå – kan ikkje bli bede om å ta imot flyktningar frå andre europeiske land. Det ville vere ei skandale, seier ein talsmann for den greske regjeringa, Giorgos Kyritsis, til Ap.

Europe Greece Bailout

Hellas' statsminister Alexis Tsipras i samtale med Italias statsminister Matteo Renzi under eit EU-toppmøte i Brussel. Greske styremakter skuldar Angela Merkel og Tyskland for å la innanrikspolitiske omsyn diktere flyktningpolitikken.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Angela Merkel oppheva den omstridde Dublin-avtala i praksis i fjor haust, då eit rekordhøgt tal flyktningar og migrantar kom til Europa i løpet av kort tid.

No pressar både Tyskland og EU på for at avtala blir gjenoppretta. EU har også forsøkt å innføre ei fordeling mellom landa basert på kvotar, men denne ordninga har så langt ikkje verka, og berre 3000 av dei 33000 flyktningane Hellas hadde blitt lova skulle bli omfordelt har blitt det, ifølge Kyritsis.

Han legg til at han trur tyske innanrikspolitiske omsyn har samanheng med deira iver for å gjeninnføre regelen. Merkel har fått mykje kritikk for sin velkomst av flyktningane i fjor haust, spesielt frå det innvandringskritiske partiet Alternativ for Tyskland, som har auka si oppslutning.

Greece Migrants

Ein gut leikar ved eit plasttelt i Ritsona flyktningleir nord for Aten. Meir enn 50 000 flyktningar er stranda i Hellas etter at fleire land på Balkan stengde grensene.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

Krav frå begge sider i omstridd flyktningavtale

Og medan ein diskuterer migrasjonspolitikk innanfor EU kan det sjå ut som den mykje omstridde flyktningavtala EU og Tyrkia inngjekk i mars heng i ein tynn tråd. Tyrkia har truga med å bryte avtala om dei ikkje får innfridd sitt krav om visa-fri innreise i EU for tyrkarar, noko EU ikkje vil gå med på så lenge dei ikkje oppfyller alle kriteria dei har sett, ikkje minst at dei endrar det EU ser som svært strenge terrorlover.

EUs utvidingskommissær Johannes Hahn heldt fast på denne linja då han og EUs utanrikssjef Federica Mogherini møtte Tyrkias utanriksminister Mevlüt Çavusoglu i Ankara i dag.

Cavusoglu vil på si side ikkje fire på Tyrkia sine krav.

– EU må få fart på leveringa av den lovde humanitære hjelpa for dei tre millionar syrarane som er i Tyrkia, sa han på ei pressekonferanse i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt