Hopp til innhold

– Tsarnajev-brørne ville detonere bomber på Times Square

Styresmaktene trur at dei to brørne som er mistenkt for Boston-bomba ønskte å skape tilsvarande kaos i New York ved eit av dei travlaste gatekryssa i verda.

New Years Eve Security

Med 300.000 passerande kvar dag ville ei eksplosjon på Times Square ha vore katastrofal. Her frå nyttårsfeiringa.

Foto: Mary Altaffer / Ap/NTB Scanpix

Etterforskarane trur at terrorsikta Tamerlan og Dzkokhar Tsarnajev hadde planlagt å detonere så mange som seks bomber i New York City etter terroråtaket i Boston.

Ordføraren i New York, Michael Bloomberg, stadfestar dette på ein pressekonferanse i kveld.

– Me veit ikkje om me hadde klart å stoppe terroristane dersom dei hadde kome her før Boston. Me er berre takknemlege for at me ikkje veit svaret på det spørsmålet, seier Bloomberg.

Ifølgje dei nye opplysningane hadde dei planlagt å utføre neste terroraksjon ved Times Square midt i Manhattan, dersom dei hadde klart å rømme frå politiet etter Boston Marathon-bombene 15. april.

Politijakt stoppa dei

Dei to brørne skal ha planlagt å reise til New York førre torsdag etter å ha kapra ein bil i byen Cambridge utanfor Boston. Politijakten som endte med at ein av dei mista livet og den andre vart hardt skadd, satte ein stoppar på desse planane.

Denne informasjonen skal vere basert på utsegn frå broren som overlevde biljakta, 19-år gamle Dzhokhar Tsarnajev. Den eldste broren døydde i politiaksjonen.

Dette er likevel forskjellig informasjon i høve til kva politiet tidlegare har gått ut med. Etterforskarane sa først at 19-åringen sa at dei ville dra til New York for å feste, men politiet kjem altså med ny informasjon no.

New York-ordførar Michael Bloomberg seier på pressekonferansen at han vart informert om opplysningane av FBI onsdag kveld.

Eit av verdas travlaste kryss

Rundt 300.000 menneske passerar Times Square kvar einaste dag. Det er rekna som eit av dei aller travlaste kryssa i verda.

Ei bombeeksplosjon tilsvarande bombene under Boston Marathon ville openbart hatt svært dramatiske konsekvensar.

Russland skal gjentekne gongar ha uttrykt bekymring for dei mistenkte overfor FBI. Men amerikanske styresmakter skal ikkje ha sett på dei som ein trugsel.

Tre mennesker vart drepne og 176 såra i dei to bombeeksplosjonane under Boston Marathon.

USA-EXPLOSION/BOSTON Tamerlan Tsarnaev and Dzhokhar Tsarnaev are pictured in this combination photo

IKKJE FORNØGD: Tamerlan Tsarnaev og Dzhokhar Tsarnaev skal ha hatt eit ønske om å drepe fleire.

Foto: HANDOUT / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt