Hopp til innhold

Trump: – Presidenten kan ikkje vere inhabil

– I teorien kan eg drive forretningane mine ved sida av å vere president utan å vere inhabil. Lova er på mi side, seier påtroppande president i USA, Donald Trump.

Donald Trump vitjar New York Times.

Donald Trump på veg ut etter eit møte med redaktørar og journalistar i storavisa New York Times.

Foto: TIMOTHY A. CLARY / Afp

Trump seier dette i eit intervju med New York Times. Intervjuet er enno ikkje publisert, men avisa har lagt ut ein del av innhaldet på Twitter.

Han viser til at dei strenge amerikanske lovene som gjeld personlege økonomiske interesser og politikk, faktisk ikkje gjeld for presidenten. Og ifølgje Trump er dette noko heilt nytt i amerikansk historie.

Interessekonfliktar

Dei føderale lovene i USA seier ikkje noko om interessekonfliktane og habilitetsproblematikk når, slik som i tilfellet Trump, presidenten har betydelege forretningsinteresser.

Lova krev at politikarar på eit lågare nivå enn presidenten skal overføre sine selskap til eit fond, som skal styrast av ein uavhengig person. Men ingen har tydelegvis tenkt på at også presidenten kunne ha interesser i næringslivet.

– Lova er fullstendig på mi side. Presidenten kan ikkje vere inhabil, seier Donald Trump i intervjuet med New York Times.

Ifølgje Huffington Post la måndag ut ei melding på Twitter om at folk visste om denne interessekonflikten då dei røysta på han.

Obama åpner for å kritisere Trump

Sameleder: – Trumps økonomiske bindinger til oljerørprosjekt uheldig for hans troverdighet

Gir borna ansvaret?

No har likevel ikkje Donald Trump slått fast at han skal drive forretningane sine vidare ved sida av presidentembetet. Han skal ha sagt tidlegare at dei vaksne borna hans, Ivanka, Donald Jr. og Eric Trump skal få ansvaret for eigedomsimperiet.

Men han har samstundes gitt dei roller i komiteen som har ansvaret for å gjennomføre overgangen til ein ny administrasjon i Det kvite hus.

Selskapa til Trump har interesser i mange land. Han eig ei golfbane i Skottland, blant anna. Her har han tidlegare argumentert sterkt mot å byggje vindmøller i ute i havet i nærleiken av golfbana.

Tidlegare i dag vart det meldt at Trump har bede UKIP-leiaren i Storbritannia om hjelp til å stanse vindkraftprosjektet.

Han har også interesser i India, Japan, Kina, Tyskland og fleire andre land.

Dette vil Donald Trump gjøre i løpet av sine 100 første dager som president

SISTE NYTT

Siste nytt