Hopp til innhold

Trump: – Møtet gjekk utan problem

Donald Trump skriv på Twitter at CIA-sjef Mike Pompeo møtte Nord-Koreas leiar Kim Jong-un i førre veke.

Mike Pompeo, Kim Jong Un, Donald Trump

Ifølgje Washington Post møtte Mike Pompeo og Kim Jong-un kvarandre i påska, for å diskutere toppmøtet mellom Kim og Donald Trump.

Foto: Reuters File Photo / Reuters

– Møtet gjekk problemfritt, og det vart danna ein god relasjon, skriv USAs president Donald Trump på Twitter.

Der stadfestar han at Mike Pompeo, som er nominert som ny amerikansk utanriksminister, har møtt med leiaren i Nord-Korea Kim Jong-un.

– Atomnedrustning vil vere ein god ting for verda, men også for Nord-Korea!, skriv Trump.

Laster Twitter-innhold

Planlegg toppmøte

Det var avisa The Washington Post som først melde at det hadde vore eit møte mellom Pompeo og Kim. Avisa siterte to anonyme kjelder som skal ha hatt kjennskap til turen til Pompeo, og som sa at møtet skal ha skjedd i påskehelga.

Møtet skulle legge fundamentet for det kommande toppmøtet mellom president Donald Trump og Kim Jong-un.

I meldinga på Twitter stadfestar Trump at det vert jobba med detaljane rundt eit slikt møte.

Trump, Melania og Abe

Tysdag denne veka møtte president Donald Trump statsminister i Japan Shinzo Abe. Dei to hadde middag i Florida saman med førstedame Melania Trump og Akie Abe.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters

Trump: – Skal møte Kim snart

Då Trump tok imot Japans statsminister Shinzo Abe i Florida på tysdag, sa han at det truleg vert eit møte mellom han sjølv om Kim Jong-un i starten av juni eller kanskje til og med før det.

– Avhengig av utfallet av ulike møter og samtaler vi har no, skal vi møte Kim Jong-un veldig snart, sa Trump.

Men han la også til at det også er mogleg at ting ikkje gå så bra, og at det då ikkje vert noko møte.

Presidenten har tidlegare sagt at eit viktig premiss for møtet må vere at Nord-Korea er villig til å diskutere sitt atomvåpenprogram.

SISTE NYTT

Siste nytt