Hopp til innhold

Trump saksøkjer kvinna som vann overgrepssøksmål mot han

USAs tidlegare president Donald Trump har levert inn eit motsøksmål mot E. Jean Carroll, forfattaren som vann fram med eit søksmål mot han for seksuelle overgrep.

E Jean Carroll og Donald Trump (montasje)

Forfattaren E. Jean Carroll vann i mai fram i rettssaka mot tidlegare president Donald Trump der ho hevda at han hadde utsett ho for seksuelle overgrep.

Foto: ANDREW KELLY] [KENA BETANCUR / AFP

I mai kom ein jury fram til at Trump (77) hadde forgripe seg på – men ikkje valdteke – Carroll (79). Juryen konkluderte og med at Trump hadde utsett henne for injuriar.

Carroll har forklart at Trump valdtok henne i eit prøverom i stormagasinet Bergdorf Goodman i New York på 1990-talet. Ho hevda at han øydela ryktet hennar då han kalla henne ein løgnar då ho stod fram med historia si i 2019.

Rettstegning av Donald Trump på storskjerm og E. Jean Carroll i retten i New York.

Rettsteikning av Donald Trump på storskjerm og E. Jean Carroll i retten i New York i mai i år.

Foto: JANE ROSENBERG / Reuters

Den tidlegare presidenten vart i retten pålagd å betale Carroll rundt 5 millionar dollar i erstatning og oppreising.

Han har anka rettsavgjerda.

Les meir Trump kjent skyldig for seksuelt overgrep – frikjent for voldtekt

E0OLquJIgLQ

Trump saksøkjer henne for ærekrenking og hevdar valdtektsskuldinga var usann. Han krev at utsegnene blir trekte tilbake, og han krev erstatning og oppreising, men spesifiserer ikkje noko beløp.

Carrolls advokatar var tysdag kveld ikkje tilgjengelege for ein kommentar til Trumps søksmål.

Det nye søksmålet er endå eit teikn på at den rettslege tvisten mellom dei to ikkje kjem til å vere over med det første.

Les meir Vil Trump tåle dette også?

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.