Hopp til innhold

Trump møtte Erdogan: Kjøpet av russisk våpen ei alvorleg utfordring

– Det tyrkiske kjøpet av eit russisk missilsystem er ei alvorleg utfordring, seier president Donald Trump. Onsdag diskuterte han saka med den tyrkiske presidenten, Recep Tayyip Erdogan i Det kvite hus.

Sjå opptak av pressekonferansen med Donald Trump og Recep Tayyip Erdogan.

Før det formelle møtet starta, snakka Donald Trump om det gode forholdet mellom Nato-landa USA og Tyrkia.

Vil du ha nyhetsbrev fra Urix? Klikk her

– Vi er svært gode venner, det har vi vore lenge, sa Trump då han tok imot Erdogan i Det kvite hus onsdag.

– Eg vil takke presidenten for den jobben han har gjort, sa Trump før dei to presidentane gjekk inn i møterommet.

Ei av sakene dei diskuterte, var det tyrkiske kjøpet av eit russisk missilsystem. Kjøpet av S-400-systemet vekte sterke reaksjonar blant Nato-landa, og Trump reagerte med å nekte Tyrkia å kjøpe amerikanske kampfly av typen F-35.

Trump og Erdogan pressekonferanse

Presidentane Donald Trump og Recep Tayyip Erdogan med felles pressekonferanse etter møtet i Det kvite hus onsdag.

Foto: Patrick Semansky / NTB Scanpix

– Ei stor utfordring

På den felles pressekonferanse etter møtet sa Trump at kontrakten mellom Tyrkia og Russland er ei stor utfordring.

– Vi håpar å finne ei løysing, sa han.

Han fortalde at utanriksminister Mike Pompeo har fått i oppdrag å arbeide for ei løysing.

Erdogan kommenterte saka med å seie at usemja berre kan løysast gjennom dialog.

Eit anna viktig tema var den tyrkiske militæraksjonen i den nordlege delen av Syria. Etter at Trump varsla at amerikanske soldatar skulle trekkje seg ut, gjekk tyrkiske regjeringsstyrkar inn i Tyrkia 9. oktober.

Målet var å fjerne kurdisk milits og å etablere ei «tryggingssone» på syrisk side av grensa. Kurdarane har vore allierte med USA i kampen mot terrorgruppa IS.

Erdogan og Trump i det ovale kontor

President Donald Trump og den tyrkiske presidenten, Recep Tayyip Erdogan på Det ovale kontor i Det kvite hus før møtet starta.

Foto: Evan Vucci / NTB Scanpix

– Sikrar oljeinstallasjonane

USA trua med straffetiltak, men planane blei lagde bort då Tyrkia seinare innstilte angrepa.

Før han reiste frå Tyrkia tysdag sa Erdogan at USA ikkje held sin del av våpenkvileavtalen i Syria. Men i Det kvite hus onsdag sa Trump derimot at avtalen som er gjort i samband med den tyrkiske operasjonen fungerer.

– Våpenkvila mellom Tyrkia og amerikansk-allierte kurdiske styrkane i Syria held. Vi sikrar oljeinstallasjonane, vi let amerikanske soldatar vere igjen i Syria nettopp for å sikre oljeressursane, sa han, og la til at IS-krigarane blir haldne fanga av både av amerikansk-allierte kurdiske styrkar og Tyrkia.

Erdogan sa onsdag at Tyrkia held meir enn 200 IS-krigarar fengsla.

Erdogan

President Recep Tayyip Erdogan på veg til Washington for å møte president Donald Trump i Det kvite hus.

Foto: NTB Scanpix

SISTE NYTT

Siste nytt