Hopp til innhold

Trump misnøgd med eigne advokatar

På første dag av riksrettssaka mot tidlegare president Donald Trump snakka ein av forsvararane hans slik at fleire oppfatta at han erkjente at Trump tapte presidentvalet. Det skal ha gjort Trump rasande.

Advokater for Donald Trump ankommer Kongressen: David Schoen og Bruce Castor Jr.

To av advokatane til Donald Trump kjem til Kongressen: David I. Schoen (t.v.) og Bruce L. Castor Jr. Trump skal ikkje ha vore imponert over prestasjonen deira på første dag av riksrettssaka.

Foto: Andrew Harnik / Reuters / NTB

Trump skal ifølgje anonyme kjelder vere svært misnøgd med advokatane sin innsats. Det hevdar to anonyme kjelder som TV-kanalen CNN har snakka med.

Den tidlegare presidenten skal ha blitt høglytt irritert over at hovudforsvararen Bruce L. Castor Jr. ikkje fekk fram det Trump meiner er kjernen i forsvaret, at rettssaka er grunnlovsstridig.

– Det amerikanske folket er smarte nok til å velje ein ny administrasjon viss dei ikkje liker den gamle. Det gjorde dei nettopp, sa Castor i innleiinga si.

Seinare sa han òg at Trump «vart fjerna av veljarane».

Senatet sier ja til at riksrettssaken mot Trump er i tråd med grunnlovens bestemmelser.

SENATET STEMTE: Stemmetalet blei 56 mot 44 for at rettssaka er i samsvar med krava i grunnlova.

Foto: U.S. Senate TV / Reuters / NTB

Republikanaren Bill Cassidy, som var ein av dei seks republikanarane som stemte saman med Demokratane tysdag, seier han ikkje vart overtydd av argumenta til Trumps advokatar. Han har tidlegare stemt mot riksrettssaka.

– Eg synest dei var uorganiserte og rota med argumenta. Det var ikkje overbevisande. Aktoratet til demokratane gjorde ein mykje betre jobb, seier han.

Bill Cassidy

Republikanaren Bill Cassidy var blant seks republikanarar som stemte med demokratane.

Foto: POOL / Reuters / NTB

Mange advokatar trekte seg

Trump har heilt sidan presidentvalet i november komme med påstandar om at han vann i eit valskred, og at Demokratane stod bak omfattande valfusk. Denne grunnlause påstanden gjentok han i talen han heldt før ein rasande mobb storma Kongressen 6. januar.

Forsvarargruppa vart sett saman for litt over ei veke sidan. Det gjekk dermed som venta, seier ei av kjeldene til CNN. Trumps allierte skal og ha vorte forbløffa over at advokatane bytte taletid like før rettssaka starta.

Fleire kommentatorar i amerikanske medium har påpeikt at Trump ikkje har fått med seg nokon stjerneadvokatar denne gongen. Fleire har trekt seg undervegs etter at dei ikkje blei samde med oppdragsgivaren om strategien.

Bruce Castor. Trumps advokat, under første dag av riksrettssalen 9. februar 2021

Bruce Castor, som er ein av Donald Trumps forsvarsadvokatar i riksrettssaka, seier strategien ikkje blir endra i dagane som kjem. Trump er klaga for å ha oppildna til storminga av Kongressen 6. januar.

Foto: Senate Television via AP / NTB

– Vi hadde ein god dag

Advokatane til Trump nådde ikkje fram med argumenta sine tysdag kveld.

56 av 100 senatorar stemde for at rettssaka er i samsvar med grunnlova, mellom dei alle demokratar og seks republikanarar. 44 republikanarar stemde imot.

– Eg meiner vi hadde ein god dag, seier Bruce Castor, trass i misnøya med innsatsen hans. Han seier at strategien ikkje kjem til å bli endra i dagane som kjem, skriv CNN.

Riksrettssaka held fram onsdag klokka 12 lokal tid i Washington DC.

Etter at Demokratane har lagt fram saka si i inntil 16 timar onsdag og torsdag, skal Trumps forsvararar starte på argumentasjonsrekkja si fredag. Dei har og inntil 16 timar på seg. Deretter er fire timar sett av til spørsmål, før det skal avgjerast om det skal kallast inn vitne. Saka kan dermed vare til neste veke.

SISTE NYTT

Siste nytt