Hopp til innhold

Trump gjorde narr av Christine Blasey Ford

– Korleis kom du deg dit? Det hugsar eg ikkje. Kvar skjedde det? Hugsar ikkje. Korleis kom du deg heim igjen? Det kan eg ikkje hugse, sa president Donald Trump.

Donald Trump gjorde narr av Christine Blasey Ford da han talte på valgmøte i Mississippi.

Donald Trump gjorde narr av Christine Blasey Ford da han talte på valgmøte i Mississippi.

For første gong gjorde Donald Trump narr av Christine Blasey Ford då han talte på valmøte i Mississippi.

Christine Blasey Ford har skulda høgsterettskandidat Brett Kavanaugh for forsøk på valdtekt på ein fest på 1980-talet. Ho var då 15 år gammal, og han 17. Kavanaugh har avvist skuldingane kategorisk.

Torsdag forklarte Ford seg for Senatet sin justiskomite.

Tysdag kveld blei høyringa i komiteen tema då president Donald Trump hadde valmøte i Mississippi.

USA-TRUMP/

Donald Trump på valmøte i Mississippi tysdag kveld.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Kritiserer Ford si forklaring

Den store forsamlinga lo godt då Trump tok for seg ei liste over det han meiner er hol i Ford si forklaring.

– Det er 36 år sidan dette hende. Eg tok ein øl. OK? Ein øl. Kvar ligg dette huset? Det hugsar eg ikkje. Skjedde det i første etasje eller andre? Anar ikkje, men eg tok ein øl. Kvar ligg dette huset? Veit ikkje, men eg tok ein øl. Det er det einaste eg kan hugse, sa Trump.

Donald Trump har ikkje tidlegare komme med tilsvarande kritikk av Christine Blasey Ford. Han har omtalt henne som «eit svært truverdig vitne».

Ford sin advokat, Michael Bromwich, kalla angrepet frå Trump for «vondskapsfullt og skammeleg».

Christine Blasey Ford i Senatets justiskomite torsdag.

Angrep på Demokratane

Trump var i Mississippi for å samle støtte til ein republikansk kandidat til Senatet. Det er val 6. november.

Men han brukte ein stor del av talen på skuldingane mot Kavanaugh. Han var ikkje nådig mot Demokratane.

– Livet hans er rive i fillebitar, han er knust. Kona hans er knust, dei to nydelege døtrene hans er knuste. Dei som står bak dette, er vonde menneske, sa Trump.

Justiskomitéen i Senatets justiskomité bad fredag FBI om å granske Kavanaugh på nytt. FBI har avhøyrt fleire personar dei siste dagane, og avsluttar truleg etterforskinga i løpet av veka.

Senatet vil deretter ta stilling til om Kavanaugh skal godkjennast som ny høgsterettsdommar.

SISTE NYTT

Siste nytt