Hopp til innhold

Trump får milliardar til Mexico-mur

Pentagon overfører ein milliard dollar - åtte milliardar kroner - til grensemuren mot Mexico. Dette er ein delsiger til president Donald Trump.

AFP_1EU6DH

Grensemur på grensa i New Mexico.

Foto: PAUL RATJE / AFP

Det er krisetilstanden presidenten har erklært som gjer det muleg å flytte pengar frå forsvarsbudsjettet til bygginga av muren. Trump erklærte krisetilstanden etter at han ikkje fekk pengane han ønskte gjennom Kongressen.

Liten del

Fungerande forsvarsminister Patrick Shanahan sa måndag at han har godkjent å bruke ein milliard dollar til bygginga. Han har også instruert hærens om å planlegge og sette i gang bygginga, ifølge Pentagon.

Pengane frå forsvarsdepartementet utgjer ein liten del av det Trump ønskjer å bruke på muren langs grensa. Tryggingsdepartementet har bedt Pentagon bygge eit 92 kilometer langt og drygt fem og meter høgt gjerde.

AFP_1F28XQ

President Trump inspiserer grensemur i San Diego i California.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Dragkamp i kongressen

Kongressen har vedtatt å oppheve krisetilstanden, men det har presidenten lagt ned veto mot.

Det er første gang siden han kom til makta for drygt to år sidan at Donald Trump har lagt ned veto.

Les også: Trump legg ned veto for fyrste gong

Kongressen kan overstyre presidentens veto, og skal etter planen stemme over det i dag. Men det er lite truleg at det vil skje, ettersom det vil kreve to tredels fleirtal både i representanthuset og senatet. I så fall må en rekke republikanarar snu seg mot sin eigen president.

SISTE NYTT

Siste nytt