President Donald Trump omtalar avgjerla om å bruke veto som utøving av ei plikt.
– Innvandringssystemet vårt er strekt til brestepunktet, sa Trump i Det kvite hus då han la ned det første vetoet sidan han blei innsett som president.
Målet er å kunne oppretthalde den nasjonale krisetilstanden han har innført ved grensa mot Mexico.
Ved å erklære ei nasjonal krise håpar han å skaffe pengar til den omstridde muren han vil bygge langs grensa.
Til samanlikning la Barack Obama og George Bush jr. ned 12 veto kvar. Bill Clinton la ned 36 veto.
- LES OGSÅ:
Partifeller trassa Trump
Både Senatet og Representanthuset har stemt for å oppheve krisetilstanden. Også fleire av partifellane til Trump valde å trasse han då saka blei handsama i Kongressen.
Det har vore venta at Trump ville legge ned veto mot vedtaket i Kongressen.
I Kongressen er det truleg ikkje mange nok motstandarar av framgangsmåten til presidenten til å kunne overkøyre vetoet.
Ordførande styrar i Representanthuset, Nancy Pelosi, kallar vetoet til president Donald Trump mot avskaffing av den nasjonale krisa, for eit ulovleg maktgrep.
Huset vil stemme over å overstyra presidentenvetoet den 26. mars, melder Reuters.