Hopp til innhold

Trump braut av pressebrifing – ville ikkje svare på spørsmål om testing

Då CBS-reporteren ville vite kvifor det er viktig å vere best i verda på å teste folk, bad Trump den kinesiskfødde journalisten spørje Kina i staden.

CBS-journalist Weijia Jiang får ikke svar på sitt spørsmål om korona-testing. Svar får heller ikkje Kaitlan Collins frå CNN. Trump snur seg og går fra pressekonferansen etter å ha kalt spørsmålet frå CBS «nasty» (ufint/slemt).

President Donald Trump si pressebrifing i Rosehagen måndag var rigga til å handle om korleis USA er best i verda på å teste flest mogleg for koronasmitte. Flankert av testutstyr og pustemaskiner erklærte Trump siger over «den usynlege fienden», utan å dvele ved at talet på døde knytt til koronasmitten har passert 80.000 i USA.

– Vi kom augneblinken i møte, og vi har sigra, sa Trump, og påpeika etterpå at han snakka om smittetesting.

President Donald Trump foran en plakat som forteller at USA tester flest i verden.

BEST I TESTING: President Donald Trump framføre ein plakat som fortel at USA testar flest i verda.

Foto: Alex Brandon / AP/NTB Scanpix

Han fekk spørsmål frå CBS News sin korrespondent i Det kvite hus, Weijia Jiang, om kvifor han skryt så mykje av kor mange testar dei gjennomfører samanlikna med andre land.

– Kvifor betyr det noko? Kvifor er det ein global konkurranse for dei, når amerikanarar kvar dag framleis døyr, og vi framleis får fleire tilfelle kvar dag, spurde Jiang.

CBS News White House correspondent Weijia Jiang

VART SUR: President Donald Trump vart tydeleg sur og bad den kinesiskfødde journalisten Weijia Jiang spørje Kina då ho lurte på kvifor det var så viktig for han at USA er best på testing.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters/NTB Scanpix

– Spør Kina!

– Vel, dei døyr overalt i verda. Og kanskje det er eit spørsmål du burde stille Kina. Ikkje spør meg. Still Kina det spørsmålet, OK? Når du stiller dei det spørsmålet, kan du komme til å få eit veldig uvanleg svar, svarte Trump. Deretter signaliserte han at han ville ha eit nytt spørsmål frå ein ny reporter, og peika på Kaitlan Collins frå CNN.

Ho lét likevel Jiang få moglegheit til eit oppfølgingsspørsmål:

– Sir, kvifor seier du det spesielt til meg, spurde Jiang, som har jobba for CBS News sidan 2015. Ho er fødd i Xiamen i Kina, men flytta til USA med familien då ho var 2 år.

CBS-journalist Weijia Jiang (t.v.) og CNN-journalist Kaitlan Collins stilte spørsmål uten å få svar på pressekonferanse i Det hvite hus

FEKK IKKJE SVAR: Verken CBS-journalisten Weijia Jiang eller CNNs Kaitlan Collins fekk svar.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters/NTB Scanpix

Slemme spørsmål

Trump parerte kjapt med at han ville sagt det same til «kven som helst som stilte eit slemt spørsmål».

– Det er ikkje er slemt spørsmål, påpeika Jiang, og gjentok det første spørsmålet:

– Kvifor betyr det noko?

Trump ignorerte henne, bad om eit nytt spørsmål. Då han såg CNN-reporter Collins nærme seg mikrofonen sa han «nahh, det er greitt» og vifta henne bort.

– Men du peika på meg, sa Collins.

– Eg peika, og du svarte ikkje, parerte Trump.

Collins sa ho ville la Jiang avslutte spørsmålet frå CBS, og spurde om ho kunne stille spørsmålet sitt.

Trump avslutta då berre heile seansen med å seie takk for i dag, snudde resolutt ryggen til pressa og gjekk.

Donald Trump avslutter pressekonferanse i Det hvite hus 11. mai 2020

BRÅ SLUTT: President Donald Trump var ikkje spesielt munter då han gjekk av talarstolen måndag i Washington.

Foto: Alex Brandon / AP/NTB Scanpix

– Taklar ikkje smarte kvinner

I etterkant kom reaksjonane på sosiale medium.

– Endå eit skammeleg, rasistisk, raseriutbrot frå Trump fordi han vart stilt eit spissformulert spørsmål av Weijia, skriv den politiske kommentatoren Tara Setmayer på Twitter, og meiner Trump ikkje taklar smarte, sjølvsikre kvinner.

Den demokratiske kongressrepresentanten Ted Lieu frå California har vendt seg direkte til Trump på Twitter på vegner av amerikanarar med asiatisk opphav.

– Nokre av oss har vore i aktiv teneste i det amerikanske militæret. Nokre går i frontlinja og kjempar mot denne pandemien som akuttmedisinere og helse- og omsorgsarbeidarar. Nokre er reporterar som Weijia. Slutt å så splid i nasjonen vår, skriv Lieu.

Både Jiang og Collins, til liks med dei fleste andre reporterane til stades på pressebrifinga, hadde på seg masker måndag. Dette kjem i kjølvatnet av nyheitene om at tilsette i Det kvite hus, inkludert rådgivaren til visepresidenten og ein av dei tilsette til presidenten, har testa positivt for koronavirus.

SISTE NYTT

Siste nytt