Hopp til innhold

Trump ber Sør-Korea betale for rakettskjold

Det er knute på tråden i forsvarssamarbeidet mellom USA og Sør-Korea. President Donald Trump meiner sørkoreanarane bør bla opp ein milliard dollar for det amerikanske rakettskjoldsystemet THAAD.

Trump Personal Taxes

President Donald Trump ber Sør-Korea ta rekninga for rakettskjold.

Foto: Carolyn Kaster / AP

Denne veka kom meldingane om at amerikanske styrkar hadde starta arbeidet med å utplassere det amerikanske rakettskjoldsystemet Terminal High Altitude Area Defense (THAAD) i Sør-Korea. Dei to landa blei samde om utplasseringa i fjor. Sjølve installeringa skjer raskare enn planlagt fordi spenninga i regionen har auka dei siste månadene.

Målet med rakettskjoldet er å verne Sør-Korea mot eit mogeleg angrep frå Nord-Korea.

No seier president Donald Trump at Sør-Korea bør ta rekninga. Han stiller seg uforståande til at USA skal betale.

South Korea Koreas Tension Missile Defense

Amerikanske militærkjøretøy med utstyr til rakettskjoldet Terminal High-Altitude Area Defense (THAAD) får hjelp av sørkoreansk politi i Seongju for å komme seg forbi demonstrantane.

Foto: Kim Jun-bum / AP

Omstridt prosjekt

– Eg har informert Sør-Korea om at det ville på sin plass om dei betalte for dette, seier Trump i eit intervju med nyheitsbyrået Reuters. – Systemet er fantastisk bra, legg han til. Han seier at prislappen er rundt ein milliard dollar.

Avgjerda om å setje opp rakettskjoldsystemet THAAD har allereie vekt sterke reaksjonar. Då installeringa tok til denne veka, protesterte fleire hundre menneske. Dei er redde for at THAAD skal auke spenninga mellom Nord- og Sør-Korea, og at rakettskjoldsystemet skal få negative følgjer for miljøet.

Også Kina og Russland har protestert. Nord-Korea er kraftig provosert av det som no skjer.

USA og Sør-Korea har eit omfattande forsvarssamarbeid. Meir enn 28.000 amerikanske soldatar er utplasserte i landet. THAAD-avtalen mellom dei to landa kom på plass i Barack Obamas presidentperiode. Når Donald Trump no ber sørkoreanarane betale, er det i strid med avtalen.

– Vi har ingen planar om å endre på det som er avtalt – at USA betaler for dette, seier forsvarsdepartementet i Sør-Korea fredag.

– Avtalen er at Sør-Korea stiller eit landområde til disposisjon for rakettskjoldet. Men vi skal ikkje betale for operasjonen, heiter det.

APTOPIX South Korea Koreas Tensions

Eit amerikansk kamphelikopter avfyrer rakettar under ei felles militærøving med Sør-Korea nyleg.

Foto: Ahn Young-joon / AP

Usikkert om handelsavtale

Intervjuet med Donald Trump har skapt reaksjonar i Sør-Korea også av ein annan grunn. Trump varslar nemleg at han anten vil reforhandle eller avslutte handelsavtalen mellom landa.

I intervjuet kallar han avtalen «forferdeleg» og «uakseptabel». Han seier at avtalen vil bli vurdert etter at administrasjonen er ferdig med å gjennomgå frihandelsavtalen med Canada og Mexico (NAFTA).

Avtalen – KORUS – blei forhandla fram under den republikanske presidenten George W. Bush in 2007. Den blei reforhandla under Barack Obama, og godkjend av den amerikanske Kongressen i 2011.

Sørkoreanske næringslivsleiarar reagerer fredag kraftig på signala frå Trump.

– Avtalen må vidareførast som ein svært viktig del av samarbeidet mellom dei to allierte landa, seier det sørkoreanske industriforbundet i ei fråsegn.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.