President Trump har offentleggjort at han benådar 73 personar, inkludert Bannon. I tillegg får 70 andre forkorta straff.
67-årige Bannon er sikta for å ha drive med nettsvindel og for å ha kvitvaska store pengesummar. Skuldingane har ein strafferamme på 20 års fengsel.
I ein pressemelding kjem Trump med lovord til sin tidlegare tilsette.
– Herr Bannon har vore ein viktig leiar i den konservative bevegelsen og er kjend for sin politiske teft, står det i pressemeldinga.
Ifølgje The New York Times kjem benådinga etter at Trump snakka med Bannon på telefon tysdag.
Bannon hadde ein viktig stilling i Trump-administrasjonen i 2017. Han var til stades da Trump snakka med den russiske presidenten Vladimir Putin.
Foto: Jonathan Ernst / ReutersLil Wayne blant dei benåda
Lista over dei benåda inneheld fleire markante namn i amerikansk samfunnsa- og kulturliv.
Rapparane Lil Wayne og Kodak Black er blant dei. Lil Wayne var sikta for å eige skytevåpen ulovleg. Kodak Black er òg dømd for brot på lovgjevinga, og får sette ned straffa si.
LES OGSÅ:
Tidlegare redaktør for The New York Observer, Ken Kurson, er òg benåda. Han blei sikta for å forfølge ekskona på nett etter eit brot i 2015. Ifølgje The Huffington Post er Kurson nær venn av svigersonen til Trump, Jared Kushner.
Kushner og kona Ivanka Trump, dottera til den avtroppande presidenten, skal ha vore sterkt innvolvert prosessen, skriv The Guardian.
I tillegg har Elliot Broidy, ein av Trump sine viktigaste pengeinnsamlarar i 2016, blitt benåda. Broidy var sikta for ulovleg lobbyverksemd på vegner av kinesiske og malaysiske styresmakter, ifølgje The New York Times.
På sin siste dag som president benådar Donald Trump blant anna rappar Lil Wayne.
Foto: Kim Erlandsen / NRKPå sin siste dag som president benådar Donald Trump blant anna rappar Lil Wayne.
Foto: Kim Erlandsen / NRKSkulda for svindel
Steve Bannon er skulda for å ha svindla til seg pengar frå kampanjen «We Build the Wall» (Vi bygger muren), som hadde samla inn 25 millionar dollar (220 millionar kroner) frå fleire hundre tusen givarar som ønskte å donere pengar til bygging av grensemuren mot Mexico.
Han erklærte seg ikkje skuldig då han møtte til fengslingsmøte i ein føderal rettssal på Manhattan i august. Der blei han lauslaten mot ein kausjon på fem millionar dollar. Saka er ikkje avslutta.
Før han blei valkampsjef for Trump leda Bannon den sterkt høgreorienterte nettstaden Breitbart. Han har også tidlegare vore rådgivar for den republikanske politikaren Sarah Palin.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKFør han blei valkampsjef for Trump leda Bannon den sterkt høgreorienterte nettstaden Breitbart. Han har også tidlegare vore rådgivar for den republikanske politikaren Sarah Palin.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKOmstridd forhold
Bannon er ein omstridd person og relasjonen mellom han og president Trump har vore stormfull.
Han leia valkampen for presidenten i 2016. Då Trump fekk makta blei Bannon utnemnd til strategisjef. Ingen hadde hatt den tittelen tidlegare.
Han forlèt Det kvite hus i 2017. Ifølgje CNN og andre amerikanske medium blei han pressa ut.
I tida etter endra tonen seg mellom dei. Bannon skulda blant anna at Trumps son, Donald jr. for forræderi. Trump svarte med å hevde at Bannon hadde «gått frå forstanden».
Rådgjevarar av Trump skal ha åtvara han mot å benåde Bannon, melder nyheitsbyrået Reuters.
Bannon og Trump samarbeida tett fram til sommaren 2017. Etter det kjølna forholdet deira.
Foto: Mandel Ngan / AFPDei to skal nyleg ha opptatt vennskapen igjen, då Trump søkte støtte for påstandane om valfusk.