Trusselen gjekk ut på at bygningen skulle sprengjast i lufta i løpet av dagen. Sist veke oppmoda ein av leiarane for Al Qaida-nettverket til angrep mot norske interesser i utlandet.
Ambassadør Kjell Harald Dalen ved den norske ambassaden i Nairobi seier at trusselen kom på e-post til den italienske ambassaden. Dalen trur eposten kom frå ei gruppering i Libanon. Han seier det er god grunn til å ta trusselen om å sprengje bygningen i lufta på alvor.
Ambassadøren fortel at trusselen som kom inn i dag tidleg ikkje spesifikt var retta mot den norske ambassaden, men mot den italienske ambassaden som held til i same bygningen.
Han kan fortelje at trusselen gjekk ut på at bygningen skulle "be taken down", altså øydeleggjast, i løpet av dagen i dag.
Det norske utanriksdepartmentet ser svært alvorleg på denne saka, og at det no er under vurdering kva vidare tiltak som skal setjast i verk.
Bygningen der den norske og den italienske ambassaden i Nairobi held til i blir kalla International House. Også den svenske og den spanske ambassaden held til i bygningen, saman med fleire andre ambassadar. Også den britiske flyselskapet British Airways har kontor i bygningen.
Lyd og video
- Trusselen kom via e-post til den italienske ambassaden fotel ambassadør Kjell Harald Dalen til Tom Nilssen.
- Bygningen med de mange ambassadene i Nairobi er et perfekt terrormål, forteller korrespondent Tomm Kristiansen
- Norske myndigheter ser svært alvorlig på trusselen mot ambassadene i Nairobi i Kenya. Reporter Heidi Hansen