Hopp til innhold

Truar med storstreik i november

Britiske fagorganiserte truar med den største streiken i Storbritannia sidan generalstreiken i 1926. Både regjeringa og opposisjonen prøver å stagge fagrørsla.

Generalsekretær Brendan Barber i TUC.

Generalsekretær Brendan Barber i samanslutninga av britiske fagforeiningar, TUC, kjem med skarp kritikk av styresmaktene.

Foto: CARL COURT / Afp

Dei fagorganiserte i offentleg truar med å aksjonere i slutten av november, i protest mot ei ny pensjonsreform. Resultatet kan blant anna bli stengde skular og brannstasjonar og stans i all henting og behandling av søppel.

Stor streikeveilje

Unison-sjef David Prentis truar med streik.

David Prentis er leiar i fagforbundet Unison.

Foto: NIGEL RODDIS / Reuters

Dette vil gi konsekvensar av millionar av innbyggjarar i Storbritannia frå dag ein, og både det britiske arbeidarpartiet, Labour, og regjeringspartiet Dei konservative, åtvarar på det sterkaste mot streikeplanane.

Samstundes kom det i dag tal som viser at arbeidsløyse i Storbritannia er den høgste på nesten to år. På den store TUC-kongressen i London i dag er det venta at i alt 10 fagforeingar vil varsle at dei vil gå til streik, melder Sky News .

Pensjonsreforma gjer at arbeidstakarane må betale 3,2 prosent meir inn til sine eigne framtidige pensjonar. Dette har ført til eit ramaskrik blant dei fagorganiserte, og streikeviljen er stor.

- Aldri sett tidlegare

Generalsekretær i fagforbundet Unison, Dave Prentis, seier at 9000 ulike fagforeiningar vil delta i streiken i november, noko han meiner blir av ein storleik Storbritannia aldri har sett tidlegare.

Store grupper som brannmenn, lærarar og universistetslærarar har alt røysta for å streike, og det er venta at fleire grupper kjem etter.

Statsråd Francis Maude leier forhandlingane med fagforeiningane på vegner av regjeringa. Han seier at han ikkje er interessert i å provosere dei fagorganiserte ytterlegare, men åtvarar mot at ein storstreik kan gjere vondt verre for dei som streikar.

LES OGSÅ: Flere hundre tusen demonstrerer mot pensjonsreformen

LES OGSÅ: Storstreik i britisk offentlig sektor

Miliband åtvarar

Labour-leiar Ed Miliband og TUC-generalsekretær Brendan Barber.

Labour-leiar Ed Miliband (t.h.) saman med generalsekretæren i TUC, Brendan Barber.

Foto: ANDREW WINNING / Reuters

Opposisjonspartiet Labour, tradisjonelt ein støttespelar for fagrørsla, åtvarar også mot ein storstreik i ei tid då verdsøkonomien skrantar. Men sinnet er så stort over pensjonsreforma at det er vanskeleg å få gehør for slike synspunkt.

Labour-leiar Ed Miliband vart møtt med pipekonsert på TUC-kongressen då han åtvara deltakarane om konsekvensane av ein streik.

- Eg forstår sinnet dykkar, men det så lenge det er forhandlingar er det feil å gå ut i streik. Det vi treng no er meiningsfulle forhandlingar for å hindre ytterlegare konfrontasjonar denne hausten, sa Miliband blant anna.

SISTE NYTT

Siste nytt