Hopp til innhold

Ekstremist-trio funnen skuldig i fatale terrorplanar

Tre menn er i ein britisk domstol funne skuldige i å ha planlagt eit terroranslag som ville ha blitt enda blodigare enn London-bombene i 2005.

Skuldige i terrorplanlegging i Storbritannia

Irfan Naseer, Irfan Khalid og Ashik Ali er i Woolwich crown court i England funne skuldige i planar om å sprengja åtte til ti bomber i Storbritannia.

Foto: Ap

Dei tre mennene, Irfan Naseer (31), Irfan Khalid (27) og Ashik Ali (27) varnøkkelpersonar i ei terrorcelle med base i Birmingham.

Torsdag blei dei kjent skuldige i å ha planlagt å sprengja åtte sjølvmordsbomber i ryggsekkar, og fleire tidsinnstilte eksplosiv i folketette område. Straffeutmålinga er enda ikkje avgjort.

Hadde planen blitt sett ut i live, ville det ha forårsaka død og skade i massiv skala. Følgjene ville ha blitt verre enn ved London-bombene i 2005, ifølgje påtalemakta.

– Verre enn 2005-bombene

Den 7. juli 2005 eksploderte bomber i tre t-banetog og i ein buss i London. 55 menneske vart drepne og over 700 såra.

Eit drygt år etter London-åtaket avverja britane eit omfattande terroranslag i siste liten. Planen var å sprengja minst ni passasjerfly medan dei var på veg over Atlantaren mellom Storbritannia og USA. 24 personar blei arresterte.

Avsløringa av terrorplanen til Naseer, Khalid og Ali er den mest omfattande sidan 2006, ifølgje britisk politi.

Fekk terrortrening i Pakistan

Ifølgje den britiske nettavisa The Guardian blei dei domfelte radikaliserte gjennom magasinet «Inspire». Bladet er ein nettbasert sjølvhjelpsguide til å bli terrorist som er laga og publisert av terrornettverket Al Qaida.

Naseer og Khalid reiste to gonger til Pakistan, der dei fekk terrortrening over lengre tid, blant anna ved ein Al Qaida-leir i Nord-Waziristan. Treningsopphaldet blei avbrote då dei to måtte flykta frå amerikanske droneåtak.

Naseer skal i tillegg ha rekruttert andre ekstremistar i Storbritannia til å ta del i terrorplanane.

Ingen av dei tre sa seg skuldige i terrorplanlegginga som dei torsdag blei funne skuldige i.

SISTE NYTT

Siste nytt