Hopp til innhold

Meta, TikTok og X i Kongressen:– De har blod på hendene dykkar

Amerikansk senator meiner at toppsjefane lager sosiale medium-plattformer som drep folk.

Mark Zuckerberg står ved eit bord i eit rettssal. Bak han står titals menneske. Nokre held opp bilete av barn/ungdom.

BEKLAGAR: Mark Zuckerberg måtte røyse seg og beklage i ein fullsett sal i Kongressen onsdag.

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters

– Eg er lei av å snakke og eg er lei av desse diskusjonane.

Det sa den amerikanske senatoren Lindsey Graham på slutten av senatshøyringa i Kongressen onsdag.

Ho vara i nærare fire timar. Både senatorar og ei stor gruppe med pårørande hadde møtt fram.

Direktørar frå dei største sosiale medium måtte svare på kva dei gjer for å skjerme særleg dei yngste brukarane mot mellom anna seksuell utnytting.

Meta-direktør Mark Zuckerberg var ein av dei frammøtte. Også direktørar frå X/Twitter, Snapchat, TikTok og Discord var til stades.

Dei er skulda for å ikkje gjere nok for å beskytte barn mot utnytting og overgrep på nett.

frammøtte direktørar står og avgir ed i rettssalen.

Frå venstre: Discord-direktør Jason Citron, Snapchat-direktør Evan Spiegel, TikTok-direktør Shou Zi Chew, X-direktør Linda Yaccarino og Meta-direktør Mark Zuckerberg avlegg ed under ei høyring i Senatets rettskomité.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

– Zuckerberg, du og selskapa framfor oss, eg veit at de ikkje meiner det, men de har blod på hendene dykkar, sa senator Graham.

Seinare sa den republikanske senatoren at Zuckerberg gjennom Meta har skapt «eit produkt som drep menneske».

Zuckerberg måtte beklage

Ein av skuldingane handlar om at sosiale medium i dag er blitt ein stad der barn opplever seksuelle overgrep, mobbing og oppmuntring til sjølvskading og eteforstyrringar.

Det kvite hus seier sjølv at det er bevist at plattformene har vore øydeleggande for den mentale helsa til unge.

Tre kvinner sit i retten. Dei har bilete i hendene av barna sine.

Pårørande til unge som har blitt utsett for utnytting på nett, møtte fram i Kongressen onsdag.

Foto: Jose Luis Magana / AP

Under høyringa viste dei frammøtte pårørande eit sterkt nærvær, og reagerte på innlegga med både latter, applaus og frustrerte sukk.

Fleire heldt opp bilete av barna deira, som dei har mista som følge av innhald og utnytting på sosiale medium.

Blant offera som blei nemnde var Chase Nasca. I 2022 tok 16-åringen sitt eige liv etter å ha sett over tusen videoar om vald og sjølvmord på TikTok.

På eit tidspunkt ber senator Josh Hawley Zuckerberg om å beklage til familiane for det dei har opplevd.

Mark Zuckerberg, CEO of Meta, speaks to victims and their family members as he testifies during the US Senate Judiciary Committee hearing "Big Tech and the Online Child Sexual Exploitation Crisis" in Washington, DC, on January 31, 2024. (Photo by Brendan Smialowski / AFP)

Her snur Zuckerberg seg, og beklagar til familiane i forsamlinga.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP

Zuckerberg reiste seg og snudde seg mot salen:

– Eg er lei meg for alt de har gått gjennom. Ingen burde nokosinne måtte gå gjennom dei tinga de har opplevd.

– Det er derfor vi investerer så mykje, og at vi vil halde fram med å gjere alt vi kan for å unngå at andre opplever det de har måtte oppleve.

Narkotika var også eit tema under høyringa. Sjefen for selskapet Snap, Evan Spiegel, beklaga til familiane til born som har døydd etter at det har kjøpt narkotika på Snapchat.

– Eg beklagar for at vi ikkje har fått til å hindre desse tragediane.

Han understreka at dei har gjort mykje for å beskytte unge brukarar, og for å overvake narkotika-relatert innhald.

Seksualisert innhald av born

Særleg blei det sett søkelys på den seksuelle utnyttinga som finn stad på sosiale medium, i tillegg til seksuelt innhald.

– Vi tillèt ikkje noko seksuelt innhald, for nokon, sa Zuckerberg under høyringa.

Zuckerberg er skeptisk til sides. Han har på dress.

Meta-direktør Mark Zuckerberg måtte svare på hard kritikk mot sosiale medium onsdag.

Foto: Andrew Caballero-Reynolds / AFP

Senator Mike Lee spurte korleis Meta-direktøren sjølv synest dette går, eit spørsmål som blei møtt med latter og applaus frå salen, ifølge BBC, som var til stades under høyringa.

Zuckerberg sa at 99 prosent av innhaldet blir fjerna ved bruk av KI, og la til at Meta er bransjeleiande på dette området.

Senator Ted Cruz, pressa Meta-sjefen på at på Instagram kjem med åtvaringar om at bilete inneheld seksuell misbruk av born, men at ein framleis kan sjå dei om ein tillèt det i innstillingane sine.

– Mr. Zuckerberg, kva i helvete tenkte du på?, spurde Cruz.

På det svara han at det nokon gonger faktisk er til god hjelp å omdirigere brukarane til andre ressursar, heller enn å blokkere innhald.

Zuckerberg la til at han personleg skal undersøke denne problemstillinga.

Senate Judiciary Committee hearing on online child sexual exploitation, at the U.S. Capitol in Washington

Senator Ted Cruz viser til åtvaringar frå Instagram om at innhaldet viser seksuell misbruk av born, men at ein kan sjå bilete uansett.

Foto: NATHAN HOWARD / Reuters

Stor auke i seksuell utnytting

Under høyringa blei det vist til ein dramatisk auke i material på sosiale medium som viser seksuell misbruk av barn.

Ifølge det amerikanske nasjonale senteret for sakna og utnytta barn har talet på identifiserte barn som har blitt utsette for seksuelle overgrep, stege frå 2172 til over 21.413 på 13 år.

Desse tala gjeld berre for USA.

Frå 2012 til 2022 skal tal på meldingar om seksuell utnytting av barn sendt til nasjonale kanalar, ha auka frå 415.650 til 32 mill.

– Denne forstyrrande veksten i utnytting av born er driven av ein ting: Endring i teknologien, sa leiaren for høyringa, Dick Durbin.

Durbin sa også at sosiale medium har gitt overgriparar nye verktøy til å utnytte barn.

Les også TikTok-sjefen avviser kinesiske spionanklager

TikTok-sjef Shou Zi Chew på høring i Kongressen.

Brei kritikk

Sjefane i dei største sosiale medium-selskapa fekk køyrt seg i høyringa onsdag. Trass i at kritikken kom frå fleire hald i Kongressen, har dei ikkje klart å samle seg om forslag til reguleringar av desse plattformene.

– Desse selskapa har skapt produkt som har ei lys side, men dei har også ei mørk side som er for stor til å leve med, sa senator Graham.

Republikanaren la til at fram til at desse selskapa faktisk blir saksøkte for skaden dei har gjort, kjem det ikkje til å bli noko endring.

SISTE NYTT

Siste nytt