Hopp til innhold

Bader mista 22 familie­medlemmar i natt

Berre timar etter FN kravde våpenkvile på Gazastripa, blei familieheimen bomba. Fleire born blei drepne, fortel dei etterlatne.

– Det var born i huset. Ti born. Alle drepne.

Bader Al Shawa har bandasjert hovudet og arma si etter nattas angrep. Han var ein av få som overlevde. Blodrestane er framleis på t-skjorta.

I huset budde tre familiar som hadde flykta, fortel han. Dei håpte dei var tryggare her. I går kveld blei huset bomba.

NRK sitt lokale team treff han i Rafah, heilt sør på Gazastripa.

– Vi sat i det trygge huset og plutseleg blei vi trefte av ein rakett.

Bader Al Shawa

Familien til Bader Al Shawa har vore på flukt lenge. Han seier det ikkje er trygge stadar på Gazastripa.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

22 personar i familien skal vere drepne, ifølgje han sjølv.

– Tanta mi på 92 år mista livet. Eit to år gamalt born. Dottera til broren min gjekk i første klasse på videregående skole, og no er ho drepen, fortel Al Shawa.

Han flykta saman med familien frå Nord-Gaza og hit til Rafah.

– Det er ingen trygge stadar frå Beit Hanoun i nord til Rafah i sør, seier han.

Ifølgje Al Jazeera blei minst 18 personar drepne i angrepet.

Ruiner Rafah

Det er berre ruinar igjen av familieheimen. Tre familiar budde her, no er dei fleste av dei drepne.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

– Det blir ikkje noko våpenkvile

Angrepa heldt fram i Rafah berre timar etter at FNs Tryggingsråd kravde umiddelbar våpenkvile på Gaza måndag.

Men det er ikkje noko teikn til våpenkvile på Gazastripa.

– Det er ein massakre, og det skjedde etter våpenkvilevedtaket, fortel Al Shawa.

Administrerande direktør i palestinsk raude halvmåne Bashar Mourad

Administrerande direktør i Palestinsk raude halvmåne Bashar Mourad, seier talet på omkomne har auka sidan FN-resolusjonen gjekk gjennom.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Administrerande direktør i Palestinsk raude halvmåne Bashar Mourad, er oppgitt. Han seier talet på omkomne berre ha stige etter vedtaket.

– Talet aukar. I går blei over 30 palestinarar drepne.

Han seier at Israel ikkje respekterer folkeretten, og at landet ikkje kjem til å følge FNs krav denne gongen heller.

Heller ikkje Al Shawa har trua på at Israel vil følge opp vedtaket, sjølv om det i utgangspunktet er bindande.

– Det kjem ikkje til å bli våpenkvile. Israel vil ikkje forplikte seg til resolusjonen, dei har ikkje gjort det før.

Dei attlevande familiemedlemmane leiter i ruinane. Det er berre restar igjen av heimen.

Vanntanker blir fylt opp heilt sør på Gazastripa.

Det er kamp om naudhjelpa på Gazastripa. Reint vatn er det lite av.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Israel avlyste besøk etter resolusjonen

14 av 15 land i FNs Tryggingsråd vedtok eit krav om umiddelbar våpenkvile på Gazastripa måndag.

Ein del av resolusjonen var også eit krav om at gislar skal bli sloppe laus og at alt som stoppar naudhjelp inn til Gaza, må opphøyre.

14 av 15 medlemsland i FN sitt Tryggingsråd stemte for ei umiddelbar våpenkvile.

14 av 15 land i FN sitt Tryggingsråd stemte måndag for eit krav om umiddelbar våpenkvile på Gazastripa.

Foto: AFP

USA valde å ikkje stemme. Resolusjonen gjekk difor gjennom.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu meinte at dette var ei tydeleg tilbaketrekning i støtte frå USA. Som ifølgje han, vil skade Israel sin innsats i krigen og deira forsøk på å få gissela heim att.

Les også FNs sikkerhetsråd krever umiddelbar våpenhvile i Gaza

Overblikk, FNs sikkerhetsråd

Utanriksminister Israel Katz sa i eit radiointervju tysdag morgon, at resolusjonen vil skade dei pågåande forhandlingane mellom Israel og Hamas. USA har i etterkant sagt at dette ikkje er sant, og at Hamas sitt forslag var klart før Tryggingsrådet stemte over resolusjonen.

Etter han gjekk gjennom, svara Israel med å avlyse noko av besøket til Washington som var planlagt denne veka.

– Vi har ingen moralsk plikt til å stoppe krigen før alle gislar er henta heim, sa Israels forsvarsminister Yoav Gallant i etterkant av vedtaket.

Kartet viser Gazastripa med Gaza by i nord og Rafah i sør.

FN krev at matforsyningane slepp inn

Israel har varsla at dei vil gå inn i Rafah med bakkestyrkar. Det er over ein million flyktningar sør på Gazastripa no.

– Det finst ikkje noko våpenkvile. Kvar kjem ho frå?, spør Majed Al Hasi medan han hjelp folk å fylle reint vatn i kannene sine.

Majed Al Hasi hjelper folk å fylle vanntankene i Rafah

Majed Al Hasi seier dei neste berre drikk vatn, fordi det knapt er mat tilgjengeleg.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Meir enn ein million palestinarar lid av kritisk svolt. Al Hasi seier dei berre drikk vatn, fordi det er stor mangel på mat.

Måndag meldte palestinske styresmakter at sju personar drukna i eit forsøk på å nå naudhjelpa som blei sloppe frå eit fly.

Les også FN-rapport: – Terskelen for folkemord er nådd

Palestinarar går gjennom ruinane av Gaza by etter snart eit halvt år med krig.

Naudhjelpsforsyningane står fast ved grensa, og slepp ikkje inn. Det er dette FNs tryggingsråd krev skal opphøyre.

– I går var det skyting og bombing. Våpenkvile er berre tull. Israel gjer som dei vil, og ingen seier noko:

– Det er vi som betaler prisen, seier Al Hasi.

Høyr siste episode av Urix-podkasten her:

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.