Hopp til innhold

Tilstod drapet for svensk politi

Marian Clita (58), som melde seg for svensk politi i ettermiddag, har tilstått drapet, opplyser ein talsmann for politiet i Malmø.

Rumeneren på overvåkningskamera

Rumenske Marian Clita vart fanga opp av overvakingskamera på hotellet.

Foto: Dansk politi

Vera Vildmyren (42) vart drepen i København.

Vera Vildmyren vart drepen på eit hotell i København.

Foto: Privat

- Mannen kom ved 16.30-tida inn i resepsjonen på hovudpolitistasjonen her i Malmø. Han sa at han hadde teke livet av ei kvinne i Danmark, og at han var mannen som var etterlyst for drapet, fortel polititalsmann Calle Persson.

Persson seier at Clita melde seg i skranken i politihuset, og at alt skjedde utan dramatikk. Han fortel at den rumenske mannen var roleg og velkledd.

Rask utlevering

København-politiet stadfestar også at det er den etterlyste Marian Clita som har meldt seg for politiet i Malmø.

Den etterlyste melde seg for politiet i den sørsvenske byen kl. 16.30. Henning Schou Kofoed ved valdsavdelinga i København-politiet seier til NRK at dei håpar på ei rask utlevering til Danmark.

Polititalsmann Calle Persson

Calle Persson er talsmann for politiet i Skåne i Sverige.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

- Det blir no ein utleveringsprosedyre. Om han skulle nekte utlevering, blir han framstilt for ein svensk rett, seier Schou Kofoed.

Calle Persson opplyser at Marian Clita blir utlevert til dansk politi i løpet av torsdag. Han legg til at den rumenske mannen har tilstått tjuveri frå ei kvinne på eit hotell i Malmø i slutten av februar i år.

Viser til dansk politi

Informasjonssjef Lars Förstell hos politistyresmaktene i Skåne er svært ordknapp overfor NRK.no.

- Eg kjenner til saka du nemner, men dette må du snakke med dansk politi om, er det knappe svaret. På spørsmål om den rumenske mannen kan bli utlevert alt i kveld, viser han igjen til dansk politi.

- Eg har meldt meg for politiet i Malmø, og har levert frå meg ein del dokument. Eg står på utsida og ventar på at politiet skal skaffe ein tolk. Eg snakkar flytande rumensk og italiensk, men det gjer ikkje politiet, sa Marian Clita på telefon til ABC Nyheter frå Malmø tidlegare i ettermiddag.

LES OGSÅ: Drapsmistenkt dømt for drap i Romania

LES OGSÅ: – Sikkerheten vår er på topp

Overvakingskamera

Marian Clita melde seg for politiet i Malmø.

Marian Clita melde seg for politiet i Malmø i ettermiddag.

Foto: Københavnspolitiet / Scanpix

Tidlegare i dag gjekk København-politiet ut med etterlysning av Marian Clita frå Romania, etter at dei greidde å identifisere han via overvakingskamera på hotellet der drapet skjedde. Han skal tidlegare vere dømd for drap i Romania i 1985.

Han er mistenkt for drapet på 42 år gamle Vera Vildmyren frå Lunner i Oppland. Ho vart funnen drepen på Radisson Blu-hotellet på Amager i København i går føremiddag.

Politiet i København har opplyst at den SAS-tilsette kvinna vart drepen med stump vald, og at ho også hadde stikkskadar då ho vart funnen på hotellrommet i går føremiddag. Det er slått fast at det vart brukt fleire våpen, også stikkvåpen.

Video nsps_upload_2010_3_3_19_22_12_2808.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Innslaget i Dagsrevyen.

LES OGSÅ: Håper å finne gjerningsmannen på overvåkingsvideoene

LES OGSÅ: - Det var et stort sjokk

LES OGSÅ:

Radisson SAS i København

Det var her på Radisson-hotellet på Amager i København at drapet fann stad.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt